Eg lengtar etter dine bod!
Eg vil alltid ha eit svar til dei som spottar meg!

Må din milde og trufaste kjærleik overvelda meg!

Waw er den hebraiske bokstaven som dei neste åtte versa startar med. Svært få hebraiske ord startar med denne bokstaven, men han blir ofte brukt som ein konjunksjon som «og». Det berande temaet i dette avsnittet er tillit til Gud.

ו

Salme 119,41 Herre, lat di miskunn koma til meg, og di frelse, slik du har sagt!

På ny vender David seg i bønn til Jahve, Herren, Den Evige Eg Er. Han ber om to ting, om miskunn og frelse. Det er på ein måte synonyme ord i denne samanhengen, for dei handlar om det same. Når Gud viser miskunn, får vi del i hans frelse.

Det er det hebraiske ordet hesed som i dette verset blir omsett med miskunn. Dette er eit av kjerneorda i Det gamle testamentet der det er brukt 246 gonger. Den gamle nynorskbibelen frå 1938 omset hesed i dette verset med nådegjerningar og Den Heilage Skrifta seier berre nåde. I nyare omsetjingar på norsk blir  engelske omsetjingar omset svært ofte hesed med trufast kjærleik.

Det hebraiske ordet hesed, har eit sterk relasjonelt aspekt ved seg, som vi må ta med oss for å forstå ordet. Det handlar om lojalitet og truskap mellom venner. Ordet er ofte brukt om folk sine haldningar og oppførsel mot kvarandre, men endå oftare skildrar ordet Guds haldning og velgjerningar mot dei trufaste i paktfolket Israel. Gud viser hesed - trufast kjærleik - mot dei han har oppretta ei pakt med. Det er paktrelasjonen som er opphavet til Guds miskunn mot folket sitt.

Miskunn, godleik, truskap, lojalitet og kjærleik skildrar essensen i eit paktforhold og viser innhaldet i eit liv i pakt. Hesed er trufast kjærleik mellom folk som står i pakt med kvarandre. På grunn av pakta viser dei miskunn og er gode, barmhjertige og trufaste mot kvarandre. Det er også verdt å merka seg at det hebraiske ordet hasidim, som kjem frå hesed og betyr dei som viser hesed – trufast kjærleik, i våre biblar blir omsett med “ dei fromme eller dei trufaste”.

Når David ber om at miskunn skal koma til han, er det fordi han veit at Gud i sin trufaste kjærleik utfrir folket sitt frå ulukker og fiendar. Det er Guds miskunn, godleik og nådefulle gjerningar som frelsar oss og held oss i live, trass i alle våre feil og nederlag.

Legg merke til at når David ber om miskunn, viser han til Guds lovnader: «slik du har sagt»! Det er det Gud har sagt som gjev han frimod til å be. Han tek Gud på ordet og viser til det gan har lova. Det er vedunderleg å kunna koma fram for Gud og minna han på det han har sagt. Han er ein trufast Gud som vaker over ordet sitt for å setja det i verk.

«Må din milde og trufaste kjærleik overvelda meg, Herre, for du er min frelsar og du held det du har lova!»

Tekst: Erling Thu (c)

Comments