Eg vil ikkje skjemmast over Guds ord eller hans gode ordningar!
Eg vil gripa tak i Ordet!

Lidenskap og glede i Guds ord

Salme 119,47 Eg frydar meg over dine bod, dei som eg elskar.

Eg blir så begeistra av den gleda David finn i Guds bod. «Eg frydar meg over dine bod.» Han finn si lyst og si glede i Guds lov. Faktisk kan det omsetjast med: «Eg forlystar meg i dine bod!» Når mange høyrer ord som bod, lov, reglar reagerer dei negativt. Svært mange har lyst til å kasta lov og bod på sjøen og kvitta seg med dei, for dei vil vera frie til å følgja sitt eige syndige hjarte.

For David var det annleis. Han elska Guds bod. Han fann stor glede i å gjera det boda sa. Han hadde oppdaga at boda var gode for menneska. Han hadde opplevd dei mange velsigningane som kjem av å halda Herrens lov.

Vi vil aldri finna større glede eller vera meir tilfreds med oss sjølve enn når vi gjer det som er til glede for Gud. Dess meir vi gleder oss over Guds ord, dess meir glede finn vi i å gå på Herrens vegar og å gjera etter hans ord. Når vi elskar Guds ord og gjer Guds vilje i samsvar med boda, kjem vi inn i ein velsigna sirkel av glede og tilfredsstilling. Når vi gleder oss i Guds bod og oppdagar meir og meir av kva dei betyr i kvardagslivet, blir meir og meir meiningsfullt.

Eg har vore ein kristen i meir enn 60 år. I tidleg ungdom møtte eg Jesus. På bedehuset fekk eg lært å ta Bibelen på alvor. Eg lærte å høyra Guds røyst gjennom Guds ord. I heile mitt lange liv har eg funne stor glede i å følgja Guds veg og lyda hans bod. Sjølvsagt har eg kome til kort og gjort mange feil undervegs, men Guds ord har vist meg vegen til Guds nåde og kjærleik. Eg kan av hjartet seia at eg elskar Guds ord og finn stor glede i å halda Herrens lov.

«Min lidenskap og glede finn eg i ditt ord, for eg elskar det du seier til meg!»

Tekst: Erling Thu (c)

Comments