Når motløyse og tunge tankar kjem krypande inn i sjela vår
Gjennom generasjonar har Guds ord vist vegen til eit godt liv i rettferd og fred

Karikert og gjort narr av

Salme 119,51 Dei frekke håner meg grovt, men eg har ikkje bøygd av frå di lov (Strong 8451).

I dette verset forklarer David litt meir om kvifor han er i stor naud. Frekke folk håner han grovt. Stolte menneske spottar han uhemma. Vi skulle tru han levde i vår tid, for dette er noko mange av oss møter. Klassisk kristen tru er ikkje lenger politisk korrekt. Den kristne trua er under åtak frå mange hald. Vi kan bli karikert og gjort narr av. Vi kan bli latterleggjort og uthengd som mørkemenn.

David vart grovt hetsa for si tru, det kan også vi bli, men han bøygde ikkje av frå Guds lov, og det må heller ikkje vi gjera. Stolte og arrogante folk ser ned på oss vanlege truande som held fast på Guds ord. Dei gudlause spottar og dei frekke hånar. Det har dei gjort til alle tider, og det vil dei alltid gjera. Dette er berre noko vi må rekna med. Slik er det å vera ein kristen i denne vonde tidsalderen. Tidsånda er antikristeleg og det gjer seg mange utslag.

Difor vil eg minna oss på det apostelen Paulus seier, at vi har ikkje kamp mot menneske, men mot maktene, mot autoritetane, mot verdsherskarane som høyrer mørket denne tidsalderen, mot vondskapen sin åndehær i himmelrommet (Ef 6,12). Vi blir utsett for mykje tankekjør frå desse vonde maktene. Dei kan bruka både andre menneske og våre eigne kjensler og tankar i den usynlege krigen mot oss som trur. Det er viktig å kunna avsløra desse vonde kreftene og ikkje gje etter for det presset dei legg på oss. Gjev vi dei litlefingen, tek dei snart heile handa og til slutt heile oss.

Det beste forsvar er å koma på offensiven ved å vedkjenna trua vår på Guds lov. Vi han ingen grunn til å skjemmast over Guds ord. Alle Herrens lover er gode. Den Gud som har skapt oss veit kva som er best for oss. Han elskar oss og vil oss berre godt med det han seier. Difor vil eg halda fast på hans lover. Eg vil gjera det eg kan for å vera trufast mot Guds ord og leva i samsvar med Guds gode lov.

«Same kor mykje dei frekke håner og dei stolte spottar og taler imot meg, så nektar eg å vika frå dine forskrifter!»

Tekst: Erling Thu (c)

Comments