Eg vil halda dine ord
St Patricks brynje - ei god bønn i vår tid!

Inderleg og av heile mitt hjarte ber eg

Salme 119,58   Av heile mitt hjarte bed eg om velvilje for ditt andlet. Ver meg nådig slik du har sagt!

I denne salmen finn vi mange bønner. Heile Salmane er ei bønnebok. I denne første strofa kan vi læra noko viktig om bønn. Legg merke til det David seier: «Inderleg og av heile hjartet ber eg!» Dette er viktig. Vi må vera heilhjarta når vi ber. Faktisk gjeld det heile kristenlivet. Vi må vera heilstøypte for å lukkast i det vi gjer. Å vera halvhjarta eller å vera ein person med eit delt sinn, er ikkje noko godt. Då vinglar og vaklar vi hit og dit. Då må vi ikkje tru at vi kan få noko frå Herren (sjå Jak 1,3-8).

Når David seier at han ber inderleg og av heile hjartet, seier han også, at dette han ber om er noko han ønskjer seg over alle andre ting. Med heile seg lengtar han inderleg etter dette eine, å finna velvilje for Herrens andlet. Det viktigaste av alt for han var å finna favør hos Gud. Job skildrar eit liv i Guds favør og velvilje slik: Då Gud vakta og verna om meg, då hans lampe skein og lyste over meg så eg kunne vandra gjennom mørket i hans lys, då Guds vennskap kvilte over meg og Gud var min fortrulege, då Den Allmektige var med meg! Det finst ikkje noko som er større enn å leva i Guds vennskap.

I den andre strofa utfyller han bønna om velvilje til å vera ei bønn nåde: Ver meg nådig slik du har sagt! Legg merke til at han på ny knyter bønna si til det Gud har sagt og lova. Gud har lova å vera han nådig og difor ber han med frimod Gud skal gjera som han har sagt og vera nådig mot han. I denne bønna ber han om at Gud skal gjera godt mot han og velsigna han. Å møta velvilje og favør inneber at Gud er god mot oss og velsignar oss med sine velgjerningar.

Comments