Karikert og gjort narr av
Tenk at menneske vågar å seia nei til Herrens bod!

Gjennom generasjonar har Guds ord vist vegen til eit godt liv i rettferd og fred

Salme 119,52 Eg kjem i hug dine lover frå gammal tid, Herre, då finn eg trøyst.

Då David vart håna og spotta for si gudsfrykt, brydde han seg ikkje om det. Han heldt fast på sin integritet og bar vanæra med glede. Han fann trøyst og styrke i Ordet. Han let ikkje motgangen og spotten gå inn på seg eller trykkja han ned. Han fann glede i at det einaste motstandarane kunne klaga han for var gudsdyrking hans, - trua på Guds ord. Difor bøygde han ikkje ryggen i skam, men retta seg opp og bar verdsens vanære med lyfta hovud. Det var ei trøyst for han å vita at det var for Guds skuld han vart spotta og håna.

David visste at motstandarar kjem og går, men Guds lov er frå gammal tid. Guds lov er evig. Ho har stått si prøve. Gjennom generasjonar har Guds ord vist vegen til eit godt liv i rettferd og fred. Guds ord har bore rik frukt og ført velsigning til folk og nasjonar. Tenk berre på dei store positive endringane som Guds lov skapte i det norske samfunnet då ho kom til oss i vikingtida. Det er den kristne trua og dei verdiane som ligg i Guds lov som har forma landet vårt. Dette må vi aldri gløyma. Guds lov har frå gammal tid skapt gode samfunn og gjer det også i dag.

«Dine lover» kan også omsetjast med «dine dommar.» Då forstår vi at David også har i tankar Guds inngrep og avgjerd i historia, då Gud har felt sine dommar og frelst folket frå dei som undertrykte dei. Gjennom sine dommar viste Gud folket sitt miskunn og gav dei rett mot fiendane deira. Han frelste dei ut frå slaveriet i Egypt gjennom sine domshandlingar. Han frelste dei gong på gong frå motstandarane då han felte dom, - då han slo fast kva som var rett og galt.

Når vi minnast Guds dommar og hans evige lov frå gammal tid, vil vi finna trøyst når vi møter motstand. I Guds ord finn vi evige sanningar som fører til gode liv, det gjev meg stor trøyst når eg blir spotta for mi tru.

Tekst: Erling Thu (c)

«Ditt openberringslys er evig, dine dommar står fast, eg blir oppmuntra kvar gong eg tenkjer på di sanning!»

Comments