Eg vil alltid ha eit svar til dei som spottar meg!
Eg vil halda dine lover kvar einaste stund på dagen

Frimod til å seia det Gud seier

Salme 119,43 Riv ikkje sanningsordet ut or min munn, for eg ventar på dine lover.

Her tiggar David Gud om å ikkje riva sanningsordet ut or munnen. Sanningsordet handlar om Guds trufaste kjærleik og frelsande nådegjerningar. Om ikkje Herren hadde berga han, ville det innebera at dette ordet hadde vorte rive ut or munnen, for det ville ikkje lenger vera sant. Det gode er at Gud frelsar i samsvar med sitt gode og sanne ord som er evangeliet om Guds rike.

Kanskje vi kan forstå denne audmjuke bønna frå David, som ei bønn om å ha ei læresveinstunge, som alltid har Guds gode ord på tunga i rett stund. Profeten Jesaja sa at Gud hadde gjeve han ei læresveinstunge så han kunne styrkja den trøytte med eit ord (Jes 50,4). Det er noko av det beste eg veit, når venner taler eit ord frå Gud til meg i rett tid, akkurat når eg treng å høyra det ordet. Difor ber eg om at eg sjølv ikkje må vera tom for Guds ord, men at eg alltid kan ha eit godt ord frå Gud på tunga. Når vi elskar Guds ord kan vi bera fram både nytt og gammalt frå skattane i Bibelen.

Eg ber også om frimod til å seia det Gud seier i ordet sitt, og ikkje vera feig eller redd for å møta motstand. Gud sa til Jeremia: Ver ikkje redd motstandarane dine, elles slår eg deg med redsle for dei (Jer 1,17). Menneskefrykt gjer oss til fangar. Frykt for andre riv sanningsordet ut or munnen vår. Vi må aldri skjemmast over Guds ord, for det er eit sanningsord.

Eg ber; ta ikkje sanningsordet bort frå munnen min, for til dine dommar har eg sett mitt håp (v 43 BGO). Eg har sett mitt håp til det Gud har bestemt. Eg satsar alt på at Guds dommar er gode og rette. Slik har også vi tillit til måten Gud dømmer og avgjer i dei ulike sakene. No ventar vi berre på at det Gud har avgjort, dei dommar og lover han har gjeve, skal slå til og bli oppfylt framføre auga på oss alle. Vi veit at ingen som ventar på Herren blir skuffa eller gjort til skamme.

«Må eg aldri gløyma dine sanningar, for eg stoler på og er avhengig av dine prinsipielle avgjerd.»

Tekst: Erling Thu (c)

Comments