St Patricks brynje - ei god bønn i vår tid!
Eg skundar meg, eg dryger ikkje!

Er vegane mine gode?

Salme 119,59 Eg har tenkt over mine vegar, eg vil venda attende til dine lovbod.

I dette verset viser David oss ein viktig praksis som vil hjelpa oss å leva eit gudfryktig liv. Han seier at han driv med sjølvransaking og sjølvevaluering. Han tenkjer over korleis han lever. Dette er ein svært viktig og utruleg nyttig vane å utvikla.

David levde ikkje tankelaust. Han var ikkje sløv. Han let ikkje ting skura og gå. Han hasta ikkje gjennom livet, frå oppleving til oppleving. Han stoppa opp. Han tok tid til å roa ned, så han kunne tenkja gjennom livet sitt. Eg har tenkt på mine vegar, seier han. Han tok seg tid til å vurdera sin eigen livsførsel. Det bør også vi gjera.

Korleis lever eg? Er vegane mine gode? Fører dei meg til det målet eg ønskjer å nå? Er det gode frukter av livet mitt? Lever eg i samsvar med Guds ord? Tøyer eg meg etter Guds lovnader? Er eg på sporet? Lever eg verkeleg i Guds plan? Slik spørsmål treng vi å stilla oss sjølve med faste mellomrom. Når vi stiller slike spørsmål til oss sjølve, gjer vi det i bønn til Gud om at Anden må overtyda oss om synd og hjelpa oss til omvending. Vi grev oss ikkje ned i oss sjølve. Vi fortviler ikkje. Vi sig ikkje ned i motløyse. Vi ber med tru og forventing (Sal 139,23-24): Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjarte! Prøv meg og kjenn mine mangfaldige tankar, og lei meg på den rette vegen!

Slike bønner vil Gud alltid svara. David fekk svar. Vi får svar. Det hjelper oss å leva i omvending og heile tida søkja Guds vilje. Gud møter oss med tilgjeving og nåde. Han kjem til oss med rettleiing. Han tek oss alltid tilbake til sitt ord og sine lovnader til oss. Anden fører oss alltid til Ordet – Jesus Kristus. Han møter oss med nåde og sanning.

Då David hadde tenkt gjennom korleis han levde, innsåg han at han trong å venda om. Eg vil venda attende til dine lovbod, seier han. Han vende føtene sine til å følgja Guds vitnemål. Det er det tryggaste vi kan gjera. Vi må alltid venda tilbake til Guds ord, om vi på ein eller annan måte har villa oss bort frå den rette vegen. Om vi ikkje er vakne, er det lett å bli ført på avvegar. Vi trur vi er på den rette vegen og alt verkar å vera bra. Likevel kan vi ha kome inn på eit blindspor. Det er så viktig at vi tenkjer gjennom korleis vi lever, slik at Ordet kan halda oss på sporet.

Vi kan også forstå det David seier i dette verset som ei stadfesting av det som heile tida har vore hans forsett, nemleg å leva i samsvar med Herrens lovbod. Endå ein gong slår han fast at hans intensjon er å styra føtene sine etter Guds vitnemål og gjera alt det han seier. Jamvel om han har kome til kort, gjev han ikkje opp, men held fast på forsettet sitt. Om vi gjer feil og kjem til kort og ikkje greier å leva opp til våre gudfryktige ønskjer, må vi ikkje gje opp. Omvending og ny innviing er vegen vidare. Gud gjev den audmjuke nåde!

«Når eg innser at eg har villa meg bort, vender eg attende til å følgja dine instruksjonar!»

Comments