Eg vil halda dine lover kvar einaste stund på dagen
Eg vil ikkje skjemmast over Guds ord eller hans gode ordningar!

Eg vil leva i full fridom!

Salme 119,45 Lat meg ferdast i ope land, for eg spør etter dine påbod (6490)!

Når David har slått fast at han alltid, kvar einaste stund på dagen vil følgja Guds lov, held han fram i dette verset med ei bønn om å få vandra i eit ope landskap. Eg er fødd og oppvaksen på Jæren og eg elskar opne landskap. På Jæren kan eg pusta fritt. Eg er ikkje skapt for tronge fjordar eller dalar eller djupe skogar. Eg må ha utsikt, helst sjå vatn, for å trivast. Tronge landskap deppar meg for eg kjenner meg innestengd. Difor har eg mange gonger bedt om å få koma ut i ope lende så eg kan leva og pusta fritt.

Svært mange engelske utgåver av Bibelen omset ikkje denne setninga som ei bønn, men heller som ein glad konklusjon: Eg vil vandra med deg i full fridom! Eg skal leva i fullkomen fridom. For eg spør etter dine påbod. Eg skal ikkje bli fanga og innestengd av fienden fordi eg er limt fast til Guds ord og søkjer alltid å gjera det han vil.

Den fullkomne fridomen er altså å vera fri til å gjera det Herrens lov seier og dermed gjera  det Gud vil. Djevelen lovar og lokkar med fridom, men fangar oss i øydeleggjande synd. Å leva etter Guds ord er å leva slik vi er skapt til å leva. Når vi gjer Guds vilje får vi kjenna kva fridom verkeleg er. Ingen er så fri som den som kan seia nei til seg sjølv og eigne lyster for å leva for noko større enn det menneskelege og verdslege. Synd gjer oss til slavar, å søkja Guds vilje gjer oss frie. Å vera styrt av menneskefrykt og andre sine meiningar er å vera tyrannisert. Å vera fri til å velja rett er ein av dei største fridomane.

Når vi frå hjartet vel å gjera det som er rett er vi frie menneske. Då kan ingen andre stengja oss inne. Når vi er født på ny og har fått Andens lov skriven i hjartet vårt, kjenner vi oss frie og glade når vi lever etter Guds lov.

«Eg vil vandra med deg i full fridom, for eg søkjer å følgja kvar einaste av dine bod.»

Tekst: Erling Thu (c)

Comments