Eg vil leva i full fridom!
Lidenskap og glede i Guds ord

Eg vil ikkje skjemmast over Guds ord eller hans gode ordningar!

Salme 119,46 Eg vil tala for kongar om dine lovbod, og eg skal ikkje bli til skamme.

Det er ein frimodig David vi møter i desse orda. Men det er ikkje ønskjetenking han driv med. Før han vart konge var frimodig både og forkynte Guds ord både til kong Ashish og Saul. Etter at han vart konge heldt han fram med å tala for kongar om Guds vitnemål og lovbod. Han la ikkje skjul på kven han trudde på og kven han hadde sin lojaliteten til.

Vi har mykje å læra av det frimodet David viser oss i Salme 119. Vi må aldri vera redde for å seia kven vi trur på og kven vi har valt å tena. Vi må ikkje skjemmast av Guds ord eller hans gode ordningar. Gud er god og alle hans lover er gode. Guds ord viser oss vegen til det gode og lukkelege livet. Vi har smakt og kjent at Gud er god. Det har vi lyst å gjera kjent for alle menneske, både høg og låg.

Daniel og dei tre vennene hans som vart ført bort til fangenskap i Babylon er gode førebilete for oss. Dei var under stort press om å tilpassa seg kulturen dei levde i. Dei nekta å gje etter for presset, jamvel om dei vart truga med å bli drept. Med stort frimod og visdom forkynte dei Guds ord og vart ikkje til skamme. Dei var villige å døy for si tru, men enda opp med å få høge og viktige stillingar i samfunnet.

Peter og Johannes stod framføre Sanhedrin, den høgaste styresmakt mellom jødane, men dei gav ikkje etter for frykt. Dei vitna frimodig om Jesus. Rådsherrane vart forundra og kunne ikkje stå seg mot den ånd og kraft dei hadde. Sjølv om dei var ulærde menn og stod framføre høgt utdanna teologar og rådsherrar, let dei seg ikkje vippa av pinnen. Dei vart ikkje til skamme, det vart rådsherrane som ikkje kunne fornekta det miraklet som hadde skjedd då dei reiste opp den lamme mannen og gjorde han frisk i Jesu namn.

Når Gud stadfestar ordet sitt, vil vi som forkynner Guds ord ikkje bli til skamme!

«Når eg står framføre kongar eller presidentar, vil eg fortelja dei sanninga slik Bibelen seier, og vil aldri koma til skamme!»

Tekst: Erling Thu (c)

Comments