Min praksis
Inderleg og av heile mitt hjarte ber eg

Eg vil halda dine ord

Dei neste åtte versa startar med den hebraiske bokstaven HET og handlar om salmisten sin kjærleik og truskap mot Guds ord.

ח

Salme 119,57 Herren er min arvedel, eg lovar å halda dine ord.

Den første strofa slår an tonen for heile avsnittet på åtte vers. Herren er min arvedel. Herren er alt eg treng og han er alt eg har! Det er tydeleg at David elskar Herren og hans ord. Herren representerer alt han ønskjer seg. Difor er han glad og fornøgd og seier med stor glede: Herren er min arvedel!

Det er det same som Asaf sa: «Når eg berre har deg, har eg ikkje lyst til noko på jorda» (Sal 73,25). Det var ikkje alltid han hadde sagt det slik. Tidlegare var han frustrert over Herren for han samanlikna seg med andre menneske og tykte at det gjekk dei gudlause godt, medan han hadde mange vanskar og utfordringar. Då han samanlikna seg med andre, vart han motlaus og nedslått. Han heldt på å gje opp. Heilt til han fekk sjå livet frå eit anna perspektiv. Det skjedde då han gjekk inn i Guds heilagdom og skjøna kva som venta dei gudlause. Då vart alt annleis. Då kunne han seia: Når eg berre har deg, har eg ikkje lyst til noko anna!

Når vi elskar Herren slik at han er alt for oss, når han er alt vi ønskjer, alt vi treng, alt vi lengtar etter, då blir det vår glede å halda orda hans. Då kan vi seia at vår gode del i livet er å praktisera det han har sagt. Vår del og vårt oppdrag er å elska Herren og følgja hans gode plan slik vi finn han i Skrifta.

«Du er mi største glede, Herre, og alt eg treng og ønskjer meg, difor har eg sett meg føre å gjera alt du seier!»

Tekst: Erling Thu (c)

Comments