Frimod til å seia det Gud seier
Eg vil leva i full fridom!

Eg vil halda dine lover kvar einaste stund på dagen

Salme 119,44 Då vil eg stadig halda di lov (Strong 8451), for evig og alltid.

I tillit til at Gud svarer han og viser han sin trufaste kjærleik, kjem David med ein frimodig lovnad. «Eg vil alltid halda di lov!» Det er sterke ord, men det er ei innstilling som Herren lønner. For evig og alltid vil David leva i samsvar med Herrens lov.

Eg er veldig glad for den frimodige tilliten David viser til Guds ord. Han set ord på denne tilliten titt og ofte, høgt og tydeleg. Vi kan ikkje vera i tvil om kva han meiner. Han seier at Guds ord er å stola på. Han seier at Guds bod er gode for oss. Han påstår at Herrens lov set han fri til å leva eit godt liv. Han kan til og med forlysta seg i Guds gode lover og ordningar. Det er tydeleg at han har opplevd dei velsigningane Gud auser ut over dei som går på hans veg.

Så liker eg også veldig godt det han seier i dette verset. Han slår fast at han bestemt seg. Han har teke eit val for livet. «Eg vil stadig halda di lov, for evig og alltid!» Her er ikkje rom for vakling. Han veit kva han vil. Han har valt ein kurs for livet, og ingenting kan få han til å endra på denne kursen.

Eg har gjort det same valet. Som ein ung tenåring valt eg å gje meg over til Herren Jesus Kristus. Frå eg var ung og nyfrelst har eg sett meg føre å halda fast på Guds ord. Eg tok eit livsval og har sidan halde meg til det. Difor har eg vorte spart for mykje vond forvirring og uvisse. Når vi frå ungdomen vel å ha Guds ord som rettesnor for liv og lære, ligg ein god og trygg veg framføre oss.

Når vi veit kor vi skal, når vi har målet klart for oss, er det lett å velja rett. Då treng vi ikkje bruka mange krefter på å lura på om vi skal ta ein sideveg eller ein veg som fører i motsett retning. Då vi køyrde på den sørlandske hovudvegen i unge år, køyrde vi forbi eit lite kvitt hus med denne teksten skriven i taksteinen på taket: Vil du til himmelen, må du gå vegen som fører dit! Det er ei sjølvsagt sanning som vi ofte gløymer.

For evig og alltid kan også forståast slik at det handlar om komande generasjonar. Som David ønskjer eg også å gje Guds ord vidare til komande slekter. Paulus sa at vi skulle gje den læra vi har fått overlevert vidare til andre. Vi måtte passa på å gje Ordet vidare til trufaste menneske som kunne gje det vidare igjen til andre. For evig og alltid skal Guds ord bli gjeve frå generasjon til generasjon. Tippoldefar var haugianar og fram til i dag har Ordet vorte gjeve vidare til nye slekter. Det er ei velsigning å vera ein del av ei slik rekkje av overleveringar. I dag opplever eg at det profetiske ordet i Jes 59,21 går i oppfylling: «Mine ord som eg har lagt i din munn, skal ikkje vika frå din munn og heller ikkje frå munnen til barna og barnebarna dine!»

«Eg vil halda dine lover kvar einaste stund på dagen og vil aldri gløyma det du seier!»

Tekst: Erling Thu (c)

Comments