Lidenskap og glede i Guds ord
Vi byggjer vårt håp på det Gud har lova.

Eg vil gripa tak i Ordet!

Salme 119,48 Eg lyfter hendene mot boda dine, som eg elskar, og grundar på dine forskrifter.

Det kan vera litt uklart kva David meiner med å lyfta hendene sine mot Guds bod, men eg trur det handlar om å lyfta hendene for å gripa tak i ordet frå Gud. Han seier han elskar Gud og vil grunna på Guds forskrifter. Det er difor han vil lyfta hendene sine for å gripa tak i ordet frå Gud og ikkje sleppa det. Han elskar Gud og vil grunna på ordet for å forstå Guds plan og vilje.

Eg liker denne haldninga som eg finn i dette verset. Han seier at han vil gripa tak i Guds bod for å kunna leva etter dei. Han lyfter hendene sine, han strekkjer seg etter Guds lov og vil gjera alt han kan for å gjera det Gud seier. Det er slik alle kristne bør leva; lyfta hendene og strekkja oss etter Guds ord. Vi vil strekkja oss etter det livet som er skildra i Ordet. Vi vil gløyma det som er bak og vil gjera oss motlause. Vi vil jaga mot målet og prøva å gripa fatt i alt det Gud har for oss, alt han har lova oss i sitt ord.

Det kan også verka som David seier dette: «Eg vil lyfta hendene i tilbeding når eg kjem til ditt ord som eg elskar og grunnar på, så du kan gje meg meir innsikt og openberring.» Slik vil også eg lyfta hendene mot Guds bod og lovprisa Ordet. Eg elskar Guds ord. Eg fryder meg når Ordet blir levande for meg. Eg takkar Gud kvar gong Ordet opnar seg for meg. Kvar dag ber eg om ny og frisk openberring.

«Eg lengtar etter meir openberring i dine sanningar for eg elskar det lys eg får i Ordet når eg grunnar på dine bod!»

Tekst: Erling Thu (c)

Comments