Må din milde og trufaste kjærleik overvelda meg!
Frimod til å seia det Gud seier

Eg vil alltid ha eit svar til dei som spottar meg!

Salme 119,42 Då kan eg gje spottaren svar, for eg lit på ditt ord.

Denne bønna er tett oppfølging av det han bad om i det førre verset. Der bad David om at Guds trufaste kjærleik og hans gode frelse måtte koma til han, slik Gud hadde lova han. No fortel han Gud kva han vil gjera når han får oppleva Guds miskunn og nådegjerningar.

Då kan han gje spottaren svar, for han lit på Guds ord. Med andre ord seier han at når han opplever bønnesvar, då kan han bruka dette til å visa spottaren til rette. Når vi har opplevd at Gud har gripe inn til frelse og forandring i livet vårt, då vil det endra livet lukka munnen på spottaren. Folk kan ha mange teoriar og tankar om Gud, dei kan til og med fornekta at han finst, men vår oppleving av Guds trufaste kjærleik og hjelp, kan ingen seia imot. Vi har opplevd det vi har opplevd og det kan ingen ta frå oss.

Likevel må vi hugsa at opplevinga vår ikkje står heilt åleine på eigne bein. Vi har opplevd frelse og Guds gode hjelp fordi vi lit på Guds ord. Dette er viktig å få fram. Vi trudde Ordet og handla på det, då fekk vi oppleva at det var sant. Våre gode opplevingar av nåde og hjelp kjem av tru på Guds gode lovnader. Gud har synt seg trufast. Han har gjort slik han sa han ville gjera. Vi har opplevd at vi kan stola på han og det han seier.

I desse dagar når spottarane er høgrøysta, må vi ikkje skjemmast ved Guds ord. Når vi lit på Guds ord, vil vi alltid ha eit svar å gje til spottarane. Eg trur at Bibelen er Guds ord. Eg har tillit til det som står skrive i Bibelen. Eg trur lova og profetane. Med denne positive innstillinga til det Gud har sagt, er det ganske lett å finna gode svar på spørsmål eller motførestillingar frå folk.

«Eg vil alltid ha eit svar til dei som spottar meg, for eg stoler på dine ord!»

Tekst: Erling Thu (c)

Comments