Er vegane mine gode?
Når dei freistande tankane slyngjer seg rundt meg med sin vondskap

Eg skundar meg, eg dryger ikkje!

Salme 119,60 Eg skundar meg, eg dryger ikkje med å halda dine bod.

Vi må forstå dette verset i lys av det føregåande. Der seier David at han har tenkt gjennom livet sitt og sett seg føre å venda tilbake til Guds lovbod. No seier han at han skundar seg og dryger ikkje med å halda Guds bod.

Dette verset har to setningar som seier det same. Det er det vi kallar hebraisk parallellisme, ein poetisk måte å understreka ting på. Først seier han, eg skundar meg, så seier han, eg dryg ikkje! Først seier han det positivt, etter på seier han det same i negativ vending. Dette er eit poetisk grep han gjer for å understreka det han vil formidla.

«Eg skundar meg, eg dryger ikkje»! Dette er ei rett innstilling. Når Anden har overtydd oss om at har kome på avvegar, må vi vera kvikke til å venda om. Når Gud taler til vårt hjarte og viser oss til rette, må vi vera snare til å lyda han. Vi må smi medan jernet er varmt. Vi må handla med ein gong Gud taler til oss. Det er aldri lurt å utsetja ei omvending. Det er aldri smart å utsetja å vera lydig. Når Ordet og Anden overtyder oss, må vi handla på det med ein gong.

David skunda seg, han drygde ikkje med å halda Guds bod. Vi må be om hjelp frå Gud til å gjera det same. Dette er den rette haldninga. Når hjartet er mjukt, vil vi vera kvikka til å venda om. Om vi er stolte er det lett å gjera seg hard i hjartet og stå imot Guds bod. Men det fører aldri til noko godt.

Vi må søkja Gud når han er å finna. Det er han når han overtyder oss om synd og feil. Då må vi gripa tak i nåden til å venda om. Sann omvending tek til når vi går i oss sjølv og innser vår sanne stilling innfor Gud (Esek 18,28; Luk 15,17) og fører til at vi skundar oss til Gud og roper om nåde.

«Eg skundar meg alt eg kan for å følgja ditt openberrings lys, eg vil ikkje dryga med å lyda deg!»

Comments