Du gjer mitt hjarte stort
Forstand til å ta vare på Guds lov

Vis meg meininga med dine vegar

ה

Salme 119,33 marker eit nytt avsnitt. Alle dei neste åtte vera startar med den hebraiske bokstaven He. I desse versa finn vi mange bønner om å forstå Guds vegar. Dette er bønner som Guds folk treng å be i vår tid.

Salme 119,33 Herre, lær meg den vegen dine forskrifter (2706) viser, så vil eg alltid ta vare på han!

«Herre, lær meg!» Slik ber ein læresvein. Den som går i lære seier dette til læremeisteren sin. «Lær meg yrket. Lær meg korleis eg skal gjera det. Lær meg å bli ein meister som kan faget sitt, slik som du!» Når David seier, Herre lær meg, blir det for svakt å samanlikna det med eleven si bønn til læraren sin. Han hadde både prestar, profetar og vise rådgjevarar han kunne få hjelp frå, men han ber om å bli rettleia av Gud. For kven er ein lærar som han (Job 36,22).

Difor ber David ikkje berre som ein læresvein. Han ber først og fremst som ein audmjuk tilbedar når han seier, «Herre, - Jahve – lær meg!» Han påkallar Guds heilage namn, Jahve, når han ber. Han vender seg med andre ord til «Den evige Eg Er». Han ber til han som openberra seg for Moses i den brennande tornebusken. Han ber til «Han som er den han er» - Den evige og uforanderlege allmektige Gud, som har skapt himmel og jord. David var medviten om kven han bad til. Det treng vi også å vera. Slik må vi også be. Vi må koma fram for Herren, Den evige Eg Er, - Jahve – som tilbedande læresveinar.

«Lær meg den vegen dine forskrifter viser». Legg merke til at ikkje ber om å forstå orda i forskriftene, men den vegen dei viser til. Guds ord viser alltid til ein veg, til ei vandring,- til ein måte å leva på. David ber med andre ord om at Gud må hjelpa han til å leva rett. Han ber om hjelp til å bruka Ordet på seg sjølv og lata seg styra av det Gud seier. Når han er i tvil og er usikker på kva han skal velja, ønskjer han å høyra Guds røyst seia: «Dette er vegen, gå på han!» (Jes 30,21).

Når du viser meg vegen eg skal velja, då vil eg alltid gå på han! David lover truskap til openberringa i Guds ord. Han vil halda Guds forskrifter heilt til slutt, heilt til han når endemålet for trua, det evige fellesskapet med Gud.

«Gje meg openberring om meininga med dine vegar, så eg kan nyta lønna av å følgja dei heilt og fullt gjennom heile livet».

Tekst: Erling Thu (c)

Comments