Gud, gjer meg villig til å lyda det du seier!
Stadfest lovnadene dine for meg!

Vend blikket mitt bort!

Salme 119,37 Vend blikket mitt bort frå det som er tomt, gjev meg liv på din veg!

Blikket vårt er viktig. Auga våre er døra inn til sjela. Det vi ser skaper tankar og kan vekkja all slags lyster i oss. Vi blir sterkt påverka av det vi ser. Dessverre er vi ikkje alltid like medvitne om dette og ser på ting vi ikkje burde sett på. I vår kultur blir vi bombadert med bilete på små og store  som vi med fordel kunne vore spart for. Vi blir utsett for nakenskap og det som verre er i mange media. Pornografi er lett tilgjengeleg og fangar mange i sitt øydeleggjande nett.

«Vend blikket mitt bort!» Det er ei bønn vi må be mange gonger for dagen. «Lat oss ikkje bli fanga av det som er tomt!» Gud har velsigna oss med augnelokk så vi kan lukka auga og ikkje sjå på det som er stygt og skadeleg for oss. Vi kan venda blikket bort. Og vi kan be om hjelp til å gjera det.

Job gjorde ein avtale, eller ei pakt, med auga sine at han ikkje skulle sjå på noka jente (Job 31,1). Det var ein lur avtale som hjelpte han til å ikkje synda. Jesus gjorde det også klart at auga kunne freista oss til synd. Han sa at kvar den som ser på ei kvinne med lyst etter henne, har alt drive hor med henne i hjartet sitt. Difor sa han at vi måtte ta eit radikalt oppgjer med dette og hindra at auget kunne føra oss til fall.

Bibelen taler om det tome livet vi har arva frå fedrane. Det er verdsleg ære, lyster og glede i det som forgår og skadar livet med Gud. Alt dette vil vi venda blikket bort frå, og heller be Gud om å forfriska oss og fylla oss med glede når vi går på hans veg. Guds veg fører alltid til liv og det som godt er. Å leva i samsvar med Guds ord skaper alltid glede. Det er lurt å venda blikket bort frå det som vil avspora oss, og heller festa blikket på det målet Gud har sett føre oss.

«Hjelp meg å venda auga bort frå illusjonar og tome draumar, så eg alltid jagar etter det som er sant. Lat mi sjel bli gjennombløytt med liv når eg går på dine stigar.»

Tekst: Erling Thu (c)

Comments