Vend blikket mitt bort!
Forsvar meg mot den spottande og negative kritikken!

Stadfest lovnadene dine for meg!

Salme 119,38 Lat ditt ord til din tenar stå fast så eg kan frykta deg.

Denne bønna viser oss at David hadde lært å ta til seg Guds ord. Det var ikkje lenger berre snakk om bod, lover eller forskrifter. Han har teke ordet til seg. Han har høyrt Guds gjennom Skrifta. Han har lese og grunda på Guds ord på ein slik måta at han har høyrt Guds røyst gjennom det han har lese og tenkt på. Det ser vi at det han seier: «Ditt ord til din tenar.» Guds ord har vorte personleg for han. Dette er ein av dei viktigaste lærdomane vi kan få tak, det å læra å høyra frå Gud når vi les i Bibelen.

Paulus fortel om folk i Jerusalem som fekk dei profetiske skriftene utlagt kvar sabbat utan å høyra Gud eller profetrøysta (Apgj 13,27). Det år altså an å både lesa i Bibelen og å høyra Guds ord forkynt utan å møta Gud i ordet. Det er nok ein av grunnane at David mange gonger i Salme 119 ber om openberring, om at Gud skal visa han kva boda tyder. At han skal forstå meininga med forskriftene. Her i vers 38 er det tydeleg at han har fått bønnesvar. Han har fått eit personleg ord, ein lovnad frå Gud. Dette er eit ord han har gøymd i hjartet og ber i samsvar med. Det kjem tydlegare fram i ei anna omsetjing:

«Stadfest Ordet Ditt for tenaren Din, som har overgitt seg til å frykte Deg» (BGO)

Når vi har fått eit personleg ord, eller ein lovnad frå Gud, då er det viktig å be at Gud må stadfesta det og dermed oppfylla det. Paulus skriv til Timoteus og minner han på dei profetorda som er talt over han, og seier at han ved dei kan strida den gode striden (1 Tim 1,18). Då dei eldste la hendene på han og talte profetord til han fekk han del i ei nådegåve som han ikkje måtte forsømma (1 Tim 4,14). Seinare skriv Paulus at han måtte vekkja denne nådegåva, til live. Profetorda hadde skapt noko godt i han. Han hadde teke imot ei nådegåve. Men oppdraget og dei profetiske orda var endå ikkje oppfylt. Difor oppmoda Paulus han til å be.

Maria bad: «Lat det gå meg etter ditt ord!» Slik kan vi også be. Herren vakar over ordet sitt for å stadfesta det ved å setja det i verk (Jer 1,12).

«Stadfest lovnadene dine for meg, for eg er din kjære tenar som bøyer seg for deg!»

Tekst: Erling Thu (c)

Comments