Å setja seg sjølv over Guds lov er toppen på overmot
Det beste vi kan gjera når vi møter motgang og negativitet

Spar oss for hykleri og falskneri

Salme 119,22 Ta spott og forakt bort frå meg, for eg tek vare på dine lovbod.

David ber om nåde til å bli spart frå spott og forakt. Han liker sjølvsagt ikkje å bli sett ned på. Han ønskjer, slik vi alle gjer, å bli respektert for den han er og for det han trur på. Han veit av beisk røynsle, av bitter oppleving, at det ikkje alltid er slik.

Vi kan møta spott og forakt av minst to grunnar. Ateistar eller folk som hatar Gud, vil berre ha forakt for dei som trur på Gud. Når vi er Guds venner, blir verden fort vår uvenn. Når vi elskar Gud og hans ord, må vi rekna med å bli håna og spotta på ulikt vis. Denne spotten kan vi bera med lyfta hovud, for han er eigentleg retta mot Gud. Då er det ei ære for oss å måtta lida for hans namn.

Det er verre om spotten råkar oss på grunn av vårt hykleri. Vi fortener forakt om vi ikkje er ærlege i trua og ikkje etter beste evne lever etter Guds ord. Vi fortener forakt om vi seier noko, men gjer noko heilt anna. Folk har lett for å avsløra hykleri og inkonsekvent tru.

Når David ber om at Gud skal ta spott og forakt bort frå han, er det ei bønn om å bli spart for hykleri og falskneri. Han har eit ønskje om å vera ærleg i tru og liv. Han har eit ønskje om å leva til Guds ære. Han ønskjer å leva rett.

Faktisk seier han: eg tek vare på dine lovbod! Så langt han veit, lever han etter Guds ord. Han finn si glede i Herrens lov. Han grundar på Guds bod. Han gøymer det i hjartet sitt, så han ikkje skal synda mot Herren. Han lengtar etter Ordet og ber om innsikt og openberring. Han ønskjer å sjå dei underfulle tinga i Guds ord. Han elskar Ordet og tek vare på Herrens lovbod. Alt dette har han sagt tidlegare i denne salmen.

Han lever med andre ord med godt samvit. Han meiner at han ikkje fortener spott og forakt. Det er difor han med frimod ber denne bønna: Ta spott og forakt bort frå meg. Når vi med godt samvit lever i samsvar med vår kristne tru, som byggjer på Guds ord, kan vi be store og frimodige bønner!

Text: Erling Thu (c)

Comments