Dikt til mor på morsdagen
«Lat meg forstå!»

Snakk sant om livet, det gjer godt for sjela!

Salme 119,26 Eg fortalde om mine vegar, og du svara meg. Lær meg dine forskrifter (2706)!

Eg fortalde deg om mine vegar. Eg sanna mi synd for deg. Ope la eg fram for deg alt eg har gjort. Eg rekna opp for deg alle vegane mine. Og du svara meg!

Ei open vedkjenning gjer godt for sjela. Det er ikkje godt å teia stille og berre gå i sine eigne tankar. Når vi teier stille tærest livskrafta bort. Når vi grublar og strevar med tunge tankar om noko dumt vi har sagt eller gjort, blir livssafta borte. Då mistar vi motet. Då blir vi lamma. Då blir vi tappa for energi og pågangsmot. Når vi høgt og tydeleg sannar vår synd for Gud og ikkje dekkjer over skulda vår, då svarer Gud og det endrar alt.

Vi kan koma til Gud med alle ting. Han veit alt og kjenner oss betre enn vi gjer. Likevel er det rett og godt å fortelja han alt. Vi kan rekna opp for han all vår sorg og uro. Vi kan fortelja om både sigrar og nederlag. Vi kan rekna opp både nedturar og oppturar. Ingenting er for smått og ingenting er for stort eller for vanskeleg. Vi kan ope og ærleg leggja heile livet vårt ope for Gud og fortelja koss livet er. Vi kan fortelja kva vi strevar med og kva vi gler oss over. Ingenting er for trivielt. Ingenting er for kvardagsleg. Salmane lærer oss å bera heile livet fram for Gud, for han bryr seg om heile livet vårt. Når vi ærleg og ope fortel om vegane våre, vil han svara oss.

David seier med stor glede: «Du svarte meg!» Då han sanna si synd, svarte Gud med å tilgje han all hans syndeskuld. Lukkeleg er det mennesket som har fått sine misgjerningar tilgjeve og sine synder dekt over. Lukkeleg er den som Herren ikkje tilreknar skuld og som i si ånd er utan svik! Lukkeleg er den som har lært å leva i lyset og dagleg reinsing. Lukkeleg er den som ope fortel om alle sine vegar og lever i eit tilgjevande fellesskap.

Når vi snakkar sant om livet, kjenner vi ofte trong til å be den bønna David bad: «Lær meg dine forskrifter.» Vi treng hjelp frå Gud til å forstå hans plan og vilje og til å leva etter hans ord. Vi treng heile tida å bli minna på kva Gud vil vi skal gjera, koss han vil vi skal leva.

«Herre, eg tømmer ut hjartet mitt for deg og fortel deg alt, for du er alltid der for meg. Eg ber deg om å læra meg meir om dine heilage forskrifter, så eg kan leva eit liv til di ære.

Comments