«Lat meg forstå!»
Hald meg langt borte frå det som er falskt!

Når livet druknar i tårer av smerte

Salme 119,28 Mi sjel græt av sorg. Reis meg opp slik du har sagt!

På ny fortel David korleis han har det. Livet er vanskeleg. Han græt av sorg. Han bruker sterke uttrykk for å setja ord på den stoda han er i. «Det er som om mi sjel smeltar bort i dei rennande tårene.» Faktisk seier han at sorga held på å ta livet av han. I ei engelsk omsetjing seier han at han har drukna i tårer av smerte (SPCL). Han ber på ei verkande sorg som er tung å bera. Sorga overveldar han. Sorga held på å eta han opp. Han blir kvelt av den vonde sorga.

Det er litt greitt at han ikkje fortel oss årsaka til denne tynande sorga, men sorg er ofte knytt til noko vi har mista. Det gjer det lettare å gjera oss til eitt med det han seier, for vi har alle opplevd sorg på ein eller annan måte. Vi lever i ein forgjengeleg verden. Alt går til grunne. Tap av noko som er oss kjært er ein del av livet. Sorga råker oss alle, både fromme kristne og gudlause ateistar.

For meg var det ei smertefull sorg då Levi, den eldste sonen vår, døydde i ung alder, berre 24 år gammal. Det gjorde vondt langt inn i sjela. Då han døydde vart alle draumane eg hadde for han brutalt knuste. Det er naturstridig at foreldre må gravleggja sine eigne barn. I tre månader var eg oppløyst i tårer. Sorga overvelda meg. Heilt til Gud reiste meg opp ved eit profetisk ord frå ein trufast Herrens tenar.

Å mista venner kan vera like smertefullt som å mista eit barn. Når dei du trudde var gode venner, brått vender seg frå deg, eller endå verre svik deg. Då kan du stå att vennelaus og i djup sorg. Sorg over tapt vennskap har fått mange tårer til å renna. Det er ikkje alltid sorga er like dramatisk, men ho er alltid vond. Sorga kan koma i mange former, men er som regel djupt personleg og smertefull, slik David skildrar det.

Når sorga råker oss, av ein eller annan grunn, er det godt å be slik David ber: «Styrk meg. Reis meg opp!» Sorga er alltid tung og trykkjer oss ned. Når vi ber til Gud, blir vi alltid lyfta opp. Gud hjelper oss å sleppa taket i det som har vore og til å retta blikket framover mot ei trygg framtid. Gud kan til og med venda det vonde vi opplever til det gode for oss. Det kan vera vanskeleg å sjå eller å forstå, når sorga tyngjer og tårene renn. Uansett er det godt å be: Reis meg opp!

Legg merke til at David ikkje berre ber om at Herren skal reisa han opp. Han ber om å bli reist opp, slik Gud har sagt. For ei velsigning det er å vita kva Gud har sagt. For ei glede midt i sorga å kunna kjenna Guds trøystarord om framtid og håp. Det å ha fått eit ord frå Herren og kunna be om at han gjer med oss etter sitt ord, er den beste medisin mot sorg, som eg kjenner til. Tenk, så stort, vi kan be i samsvar med Guds lovnader.

Reis meg opp, slik du har sagt! Slik kan vi be når vi har gøymd Guds ord i hjartet og veit kva han har sagt. Då kan vi få nåde til å sjå framover i tru og venta på noko betre og større. Når vi tek i mot orda frå Den Usynlege, då blir tapa i denne synlege verden lettare å bera, og sorga ikkje så tung. For Gud reiser oss alltid opp til noko betre!

Tekst: Erling Thu (c)

Comments