Forstand til å ta vare på Guds lov
Gud, gjer meg villig til å lyda det du seier!

Lei meg på den stigen som gleder deg!

Salme 119,35 Lei meg på den stigen boda dine viser, for han gjev meg glede.

David bad i dei førre versa om innsikt og forståing. No ber han om leiing. Dei orda han bruker i bønna inneber at Gud må leia han ved å bøya vilje hans. Han ber om at Gud må vekkja opp hans indre sjelekraft til å velja å gjera det Gud vil. Dette liknar litt på det Paulus seier: «For det er Gud som er verksam i dykk, så de både vil og gjer det som er etter Guds gode vilje (Fil 2,13). Vi treng, både å forstå kva Guds ord seier, og å gjera det Gud vil. For å kunna gjera det er vi avhengige av at Gud verkar i oss.

David ber: «Gjer at eg følgjer den stigen du byr meg å gå!» «Hjelp meg å følgja den stigen som dine forskrifter seier eg skal ta.» Stig eller veg i denne samanhengen tyder alltid levemåte eller oppførsel. Han ber om nåde til å kunna gjera det som er hans plikt å gjera, om å bli styrkja til all god gjerning. Han kjenner seg sjølv så godt at han veit kor lett det er å velja feil og setja seg sjølv og eigen komfort føre Guds ord og vilje. Difor ber han om nåde til å vera lydig. Han stoler ikkje på seg sjølv. Han veit at han er avhengig av Den Heilage Ande. Profeten Esekiel lova at i den nye pakta ville Gud gje oss eit nytt hjarte og ei ny ånd inni oss. Når Anden bur i oss, vil han laga det slik at vi følgjer boda, held lovene og lever etter dei (sjå Esek 36,26-27). Det er dette vi ber om skal skje når vi ber: «Lei meg på stigen boda dine viser!»

Den bønna David ber er viktig, men grunngjevinga hans er også verdt å merka seg. Då seier han at Herrens stig gjev han stor glede. Han frydar seg når han går på Guds smale veg. Det er difor han med iver ber om hjelp til vandra på den stigen boda viser. Han gleder seg på denne stigen. Han kjenner djup glede når han gjer det Gud vil.

Det er alltid meiningsfullt å gjera det Guds ord seier. Når vi lever etter boda, som alle finn si oppfylling i det eine kjærleiksbodet, vil vi ha ei djup kjensla av at det er dette livet vi er skapt til å leva. Dei ytre omstenda kan vera vanskelege og  krevjande, gleda i å gjera Guds vilje gjer at vi kan seia nei til våre eigne menneskelege og lettvinte løysingar. Det gleda Gud gjev når vi går på hans stigar er så djup at ingen pris er for stor.

«Lei meg på dei stigane som gleder deg, for eg frydar meg i alt du seier!»

Tekst: Erling Thu (c)

Comments