Snakk sant om livet, det gjer godt for sjela!
Når livet druknar i tårer av smerte

«Lat meg forstå!»

Salme 119,27 Lat meg skjøna den vegen dine påbod (6490) viser! Eg vil grunda på dine under.

I møtet med dei mange utfordringane i livet ber David ei bønn som vi treng å be igjen og igjen: «Lat meg forstå!» Slik han bad om å kunna skjøna i både vers 12 og 18. Vi møter ting i livet som vi ikkje skjøner. Det er ikkje alltid at det går slik vi hadde venta eller håpt på. Kanskje draumane våre var for store eller urealistiske? Eller kanskje er dei utfordringane vi møter ein del av treninga for å hjelpa oss å få draumane våre oppfylt?

Men David si bønn om å forstå handlar ikkje så mykje om å skjøna kvifor livet er vanskeleg. Han ber om å forstå  den vegen Guds påbod viser. Det ligg i denne bønna eit ønske om å skjøna den djupare meininga med Herrens påbod. Kva er Guds intensjon med påbodet? Kva vil vår gode og kjærlege Far med det bodet han gjev oss? Det er dette David ber om, og det er det vi også treng å be om. At Gud skal visa oss den livsvegen, den gode livsførselen, som hans påbod handlar om. Guds meining er alltid at ordet hans skal hjelpa oss til å leva gode og meiningsfulle liv, - uansett korleis dei ytre omstenda er.

Når eg les i Bibelen, gjer eg det alltid i bønn. Eg ber om innsikt og openberring. Eg ber om at Gud skal tala til meg, at Ordet skal treffa meg og motivera meg til handling. Eg ber at Gud skal visa meg kva eg skal gjera og korleis eg skal leva. Eg veit at Bibelen ikkje er gjeven for å fylla oss med kunnskap om ulike tema. I Bibelen møter eg Gud og lærer han å kjenna. Bibelen viser meg veg i kvardagen. Guds ord gjev meg liv. Ordet fornyar og forfriskar meg når eg forstår den vegen hans påbod viser.

I tillegg til å be om å kunna forstå, seier han noko veldig interessant: «Eg vil grunda på dine under.» Kan det vera at det å grunda på alt det gode Gud har gjort, vil hjelpa oss å skjøna den vegen hans påbod viser vi skal gå? Eg trur det, for det har eg opplevd mange gonger. Når eg mediterer på forteljingane i Bibelen om korleis Gud grip inn i kvardagen til vanlege folk, då forstår eg meir av hans ord. Det er jo fantastisk at Gud ikkje gav oss ei bok med systematisk teologi, eller ei tjukk bok som Noregs Lover. Han gav oss ei bok som fortel om hans underfulle gjerningar, heilt frå skapinga og fram til vår tid. Desse forteljingane hjelper oss til å forstå kva han meiner med påboda sine, kva livsveg dei viser til.

Opna hjertet mitt til å forstå dine vise vegar når eg djupt mediterer på din herlegdom og dine underfulle gjerningar!

Tekst: Erling Thu (c)

Det er fint om du trykker på Twitter- eller Facebookknappen på denne sida og deler dette med andre! Tusen takk

Comments