Eit val for livet hjelper oss i motgang
Du gjer mitt hjarte stort

Lat heile livet vera festa og forankra i Guds ord.

Salme 119,31 Eg held fast på dine lovbod (Strong 5715). Herre, lat meg ikkje bli til skamme!

På ny sannar David livsvalet sitt: «Eg held fast på dine lovbod!» Han har bunde seg til Guds ord. Faktisk seier han at han har vorte limt fast til Guds bod. Heile livet hans er festa og forankra i Guds ord. Han har teke ei avgjerd for livet om å halda fast på Ordet som sin dyraste skatt. Han gøymer det i hjartet og lever etter det.

Når vi har teke dette livsvalet om å vera trufaste mot Guds ord og leva til hans ære, vil det gjera stega våre faste og stødige. Då vil ikkje sjelefienden lett kunna vippa oss av pinnen. Då vil vi ikkje vakla hit og dit. Då vi vil ikkje vera tvisinna og tvilande, men fokusert og målretta. Når vi har teke dette store valet, er det ganske lett å ta alle dei mindre vala vi må ta i kvardagen. Då har livet ein trygg retning og vi blir ikkje eit lett bytte for dei mange forførande lærdomsværa i tida.

Fordi han held fast på Guds ord, ber han: «Herre, lat meg ikkje bli til skamme!» Ikkje overlat meg til ei sviktande dømmekraft slik at eg forlet din veg og fører skam over meg sjølv.

David møtte mykje motbør, til og med kona hans forakta han og meinte at han førte skam over seg då han offentleg gledde seg for Herrens andlet. Her i denne verden kan møta motstand og motgang. Vi kan bli håna og spotta. Vi kan bli gjort til latter og gjort narr av. Vi kan bli skjelt ut og bli snakka stygt om. Vi kan sjølvsagt be om å bli sparte for dette, men vi må vita at denne skamma er berre midlertidig. Det vil koma ein dag då vi vil sjå alt i eit nytt lys. Det kjem ein rekneskaps dag for alle menneske. Det kjem ein dag då Gud skal lønna kvart menneske etter sine gjerningar. Ingen som set si lit til Herren og går på hans vegar blir til skamme den dagen. For Herren tek seg av oss og lønner oss med ære når tida er inne.

Tekst: Erling Thu (c)

Comments