Når livet druknar i tårer av smerte
Eit val for livet hjelper oss i motgang

Hald meg langt borte frå det som er falskt!

Salme 119,29 Hald løgns veg borte frå meg, gjev meg i nåde di lov (Strong 8451)!

Når livet er tungt og vanskeleg, er det lett å lytta til sjelefienden vår. Han pumpar hovudet fullt av løgner som er lette å tru på. At det ikkje nyttar. At det ikkje er håp for deg. At du like godt kan gje opp. At alt er meiningslaust. At du er håplaus og utan framtid. At du har sagt nei og vendt deg frå Gud, så det finst ikkje meir tilgjeving for deg. At du ikkje er god nok og aldri vil bli det. Berre gje opp. Eller kanskje han seier at du er god nok slik du er og kan leva slik du vil etter dine eigne lyster, utan at det får negative konsekvensar for deg.

Vi står i ein åndeleg kamp mot falske sanningar. Djevelen tutar tankane fulle av løgner som han vil vi skal tru på. Han er ein løgnar og alt han seier er løgn. Til og med når han siterer Bibelen lyg han. Av og til verkar det som om han kjenner Bibelen betre enn oss, når han prøver å få oss bort frå den høgheilage trua som ein gong vart overgjeven til oss. Det er grunn til å vera på vakt når lausrivne ord i Bibelen blir brukt til å fornekta det som har vore den kristne kyrkja sitt syn i 2000 år. Å forkasta den apostoliske kristne læra fører aldri til noko godt.

Difor ber vi: Hald løgns veg borte frå oss! Steng den vegen som fører oss bort frå Guds ord! Herre, sett opp ein stor barrikade framføre den vegen som til Ingenstad! Spar oss frå djevelens løgner og det tome livet han vil lokka oss inn i. Spar oss frå det falske livet. Lat oss få leva i di sanning så vi kan nå det målet du har sett for oss. Frels oss frå det tome livet, frå syndig oppførsel og frå forførande lyster.

Det motsette av å gå på løgnarvegen er å få nåde i Guds lov. Det inneber nåde til å famna alt det Gud seier i sitt ord. Det er å seia nei til seg sjølv og sine eigne lyster, for å ta krossen opp og følgja Jesus. Det er her kampen står. Løgnene og lystene motseier Guds ord. Kven vil vi lyda? Kven vil vi høyra på? I denne kampen treng vi hjelp. Denne hjelpa får vi nar vi ber slik David bad.

Det er noko eg prøver å gjera med mine eigne ord: Gje meg nåde i di lov. Gje meg nåde til å få tak i ånda i lova. Gjev meg openberring i di lov. Lat meg få sjå din nåde i di lov. Gje meg nåde til å vera trufast mot ditt ord og til å leva i samsvar med din vilje.

«Hald meg langt borte frå det som er falskt, gje meg nåde til å vera trufast mot dine lover.»

Comments