Lei meg på den stigen som gleder deg!
Vend blikket mitt bort!

Gud, gjer meg villig til å lyda det du seier!

Salme 119,36 Bøy mitt hjarte mot dine lovbod (Strong 5715) og ikkje mot eiga vinning!

På ny viser David si bønn stor innsikt i menneskenaturen. Han kjenner seg sjølv så godt at han ber om Guds hjelp. Han veit at hjarte og sinn er kamp arena der sterke krefter sloss om makta. Difor ber han at Gud skal røra ved hjartet og bøya det mot Guds ord, slik at han får lyst og glede ved å halda boda. Han ber: «Gud, gjer meg villig til å lyda det du seier! Gje meg lyst til å halda fast på di lov!»

Alternativet er at eiga vinning skal få overtaket på hjartet. Fordi David er realistisk og veit at det er lett å bli fanga av lyst til verdsleg rikdom, ber han om Guds hjelp til å stå i mot denne tendensen. Pauls formanar galatarane til å leva eit liv i Anden, for då vil dei ikkje følgja dei vonde lystene i deira eige kjøt og blod. Anden og kjøtet står kvarandre i mot. Dei dreg i kvar si retning.

Jesus fortalde den kjende likninga om såmannen som sådde Guds ord. Kornet falt i fire slags jordsmonn, og berre eit av dei gav god grøde. Han åtvara læresveinane mot å høyra ordet og la uro for dette livet og den svikefulle rikdomen kvela det, så det ikkje gjev grøde. Det var dette David var redd for, då han bad denne bønna: «Bøy mitt hjarte mot dine lovbod og ikkje mot eiga vinning!» Uro for dette livet kan gjera at ordet frå Guds munn ikkje ber god frukt. Blir vi fanga av rikdom gjev ikkje ordet grøde i livet vårt.

Du treng ikkje vera rik for å bli fanga av rikdom. Fattige folk kan også vera pengegriske. Både fattige og rike kan vera styrt av trongen til alltid å eiga meir, og det er det same som avgudsdyrking (Kol 3,5). Må Gud spara oss for å falla i den materialistiske fella. Kjærleiken til pengar er rota til alt vondt (1 Tim 6,10).

Bøy hjarte mitt til dine lovbod, ber David. Han ber om at Gud må røra ved hjartet slik at han finn si lyst og si glede i Guds ord og ikkje i eiga vinning. Må Anden råda i hjartet og styra sinn og tanke til å følgja Herrens lov. Eiga vinning treng jo ikkje berre vera rikdom. Det kan vera komfort eller popularitet. Det kan vera personlege fordeler som vi får del i når vi følgjer venner i deira verdslege livsstil. Det kan vera å gje etter for gruppepress for å bli akseptert og vinna ære. Eiga vinning er alt som tener meg sjølv.

Om vi skal bruka Jesu ord, er bønna i Salme 119,36 ei bønn om å få nåde til å seia nei til seg sjølv og ta krossen opp for å følgja Jesus. Difor er det ei viktig bønn for oss å be.

«Gjer at hjartet mitt bøyer seg for dine visdomsord og ikkje for rikdomen i denne verden.»

Tekst: Erling Thu(c)

Comments