Stadfest lovnadene dine for meg!
Eg lengtar etter dine bod!

Forsvar meg mot den spottande og negative kritikken!

Salme 119,39 Ta bort spotten eg fryktar, for dine lover er gode!

David ber om nåde til å bli spart frå den spotten og skamma som følgjer av å stå fast på Guds gode lover. Han er lik oss og liker sjølvsagt ikkje å bli sett ned på. Han ønskjer, slik vi alle gjer, å bli respektert for den han er og for det han trur på. Dessverre veit han veit av bitter oppleving, at han slett ikkje alltid blir respektert når han seier det Guds ord seier.

Når David snakkar om den spotten han fryktar, er det ikkje i første rekke noko han er redd, men heller noko han reknar med kjem. Paulus sa også at alle som vil leva gudfryktig i Kristus Jesus vil bli forfølgd (2 Tim 3,10). Til om med Kristus fekk oppleva dette: «Spotten frå dei som spotta Deg, fall på meg» (Rom 15,3).

Ateistar eller folk som hatar Gud, har vorte meir høgrøysta og aggressive i våre dagar. Dei kan bruka hånande ord og ha stor forakt for dei som trur på Gud. Når vi er Guds venner, blir verden fort vår uvenn. Vi må dessverre rekna med å bli håna og spotta om vi elskar Gud og hans ord. Det er ikkje gildt å bli håna og vanæra, men denne spotten kan vi bera med lyfta hovud, for han er eigentleg retta mot Gud. Då er det ei ære for oss å måtta lida for hans namn, men dei fleste av oss vil nok føretrekkja å sleppa akkurat denne æra.

David elska Guds ord. «Dine lover er gode,» sa han og fann personleg stor glede i Guds ord. Men han levde i ein kultur der han møtte spott og forakt då han kunngjorde Guds gode lov. Han møtte det same utfordringane som vi gjer i vår tid. Dei kristne verdiane går i dag mot straumen. Det Guds ord seier er ofte ikkje politisk korrekt. Når vi held fram Herrens gode ordningar kan vi møta hån og vanære.

Dine lover er gode, kan også omsetjast med at dine dommar er gode og vakre. Vi må trass i all spott og vanære halda fast på at det Gud har fastsett er godt og vakkert. Gud er god og alle hans lover er til det beste for menneska. Guds gode og vakre dommar vil hjelpa oss til å leva meiningsfulle og gode liv.

«Forsvar meg mot den spottande og negative kritikken eg får når eg lever etter dine vakre ord!»

Tekst: Erling Thu (c)

Comments