Vis meg meininga med dine vegar
Lei meg på den stigen som gleder deg!

Forstand til å ta vare på Guds lov

Salme 119,34 Gjev meg vit til å ta vare på di lov (Strong 8451) og halda henne av heile mitt hjarte!

Eg liker den brennande iver David har til å læra av Gud, det menneske ikkje kunne læra han. Gud har gjeve alle menneske eit mål av intellektuell kapasitet til å tenkja og læra, men her lærer David oss at vi kan be Gud gje oss nåde til å bruka desse evnene til å forstå det som tener til vår fred. Han ber om vit til å ta vare på Guds lov. Han ber om at Herren må opplysa forstanden hans til å skjøna Guds vilje.

Vi treng vit og forstand til å ta vare på Guds lov. Difor finn vi også i Det nye testamentet at apostelen Paulus ofte ber om at Den Heilage Ande må gje dei truande opplyste auge til å forstå og ta vare på arven vår. Han kallar Anden for visdoms og openberrings Anden. Apostelen Johannes seier: «Vi veit at Guds Son er komen, og han har gjeve oss forstand så vi kjenner Den Sanne (1 Joh 5,20).

I dette verset ber ikkje David berre om vit til å ta vare på ordet. Han ber også om nåde til å halda Guds lov av heile sitt hjarte. I hebraisk tankegang er vit og forstand ikkje noko teoretisk og intellektuelt, men er alltid knytt til livet. Vi har først skjønt Guds ord når vi lever det. Om vi ikkje lever etter Guds ord, har vi ikkje forstått det. Om vi verkeleg forstår kven Gud er og kva han seier vi skal gjera, vil vi korkje våga eller å ha lyst til å gjera noko anna enn å lyda. Når vi ved Jesus Kristus har fått forstand til å kjenna Gud, har vi også trong til å gjera hans vilje.

Det finst fleire omsetjingar der denne siste setninga ikkje er ei bønn, men ein lovnad: Sanneleg, eg skal halda henne av heile mitt hjarte! Det er ingen motsetnad mellom dess to måtane å omsetja denne setninga på. Kva gong vi gjev ein lovnad til Gud, gjer vi det i bønn om nåde til å fullføra. Kvar gong vi gjer eit heilagt forsett, gjer vi det i tru til at Gud vil hjelpa oss. Bønn og forsett går i same retning. Begge er vendt til Gud. Det er han vi vil læra av. Det er hans vilje vi vil gjera, og det er hans nåde som vil hjelpa oss. Vi ber inderleg av heile hjartet og vil med glede ta vare på og halda hans lov av heile hjartet vårt.

«Gje meg eit forståande hjarte så eg med brennande iver kan kjenna og lyda di sanning!»

Comments