Hald meg langt borte frå det som er falskt!
Lat heile livet vera festa og forankra i Guds ord.

Eit val for livet hjelper oss i motgang

Salme 119,30 Eg har valt truskaps veg, dine lover har eg for auge.

I dette verset seier David noko svært viktig. Han seier med stor overtyding og iver: «Eg har valt!» Han har teke ei avgjerd. Han har teke eit urokkeleg standpunkt. Han har bestemt seg for kva han vil gjera, korleis han vil leva, kva mål han vil nå. Han har teke eit val for livet. Slike livsval er livsviktige for oss og vil spara oss for uro og forvirring. Eg takkar Gud for at eg i unge år fekk nåde til å ta eit val om å tena Herren heile livet. Dette valet har hjelpt meg mange gonger i motgang og freisting. Det har hjelpt meg til å styra livet gjennom mange utfordringar og prøvingar.

Heilt frå ungdommen tok David dette valet om å følgja truskapsvegen. Han bruker nok dette uttrykket som ein motsetnad til løgnar vegen som han snakka om i førre verset. Nokre omsett det med sanningsvegen. Sanningsvegen er dei evige sanningane i Bibelen og er einaste veg til sann lukke og djup glede. Truskapsvegen er å vera trufast mot Herren. Det er å tru og lyda Herrens lov og leva i sanninga. David seier at han har bestemt seg for alltid å høyra på Gud og å ha tillit til hans ord. Truskapsvegen er det vegen Bibelen viser oss. Denne vegen er lett å finna og lett å forstå, når vi har valt å vera trufaste mot Gud.

Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet!» Berre gjennom han kan vi koma til Gud. Berre gjennom han vil vi kunna leva rett. Eller rettare sagt, berre han er livet, berre han kan leva dette livet gjennom oss. Vi må velja Jesusvegen for det er han som er truskapsvegen. I vår tid blir vi presentert for mange vegar og mange val. Mange prøver å laga sin eigen veg ved å ta litt her og litt der. Før eller seinare vil dei bli vonbrotne og skuffa, for det finst berre ein veg som er trygg og god. Berre truskapen mot Jesus vil føra oss fram til det rette målet.

Når David skal forklara kva denne truskapsvegen inneber, seier han: «Dine lover har eg for auge.» Han er med andre ord heile tida oppteken av kva Guds ord seier. Han har bestemt seg for å ha sinn og tankar vendt til Gud. Han er alltid medviten om Herrens lov. Å velja truskapsvegen er å velja Guds ord til einaste rettesnor for liv og lære.

Å ha Guds lover for auge kan samanliknast med ein som lærer å skriva og kopierer det som står skrive på arket framfor han. Eller ein arbeidar som har lagt arbeidsteikningane framfor seg, slik at han nøyaktig kan byggja i samsvar med teikningane. Vi må alltid ha Guds ord i tankar og sinn så vi kan leva til Guds ære. Difor er det viktig å memorera Guds ord og gøyma det i hjartet vårt. Då kan vi ha det for auge i alle situasjonar og kunna vera nøye med å leva etter Ordet.

Comments