Forsvar meg mot den spottande og negative kritikken!
Må din milde og trufaste kjærleik overvelda meg!

Eg lengtar etter dine bod!

Salme 119,40 Sjå, eg lengtar etter dine påbod (6490), gjev meg liv ved di rettferd!

David har nett snakka om den hån og vanære han får fordi han held fast på Guds ord. Med det som bakgrunn, tykkjer eg det han no seier er veldig sterkt: «Eg lengtar etter dine påbod!» Det er ein sterk påstand som vi må sjå nærare på.

Det er ikkje slik at han berre elskar Gud ord og frydar seg over det han har sett og opplevd av Guds gode ord og ordningar. Faktisk seier han at han lengtar etter Herrens påbod. Han lengta etter å kjenna dei betre. Han lengta inderleg etter å leva dei ut på ein endå sterkare måte, trass i all motstand han måtte møta.

Det er den same haldninga som apostelen Paulus hadde då ha sa han ikkje trudde om seg sjølv at han hadde nådd det, eller alt var fullkomen. Han jaga framover for å gripa tak i alt det Gud hadde lova i Jesus Kristus. Han var apostel og forkynnar. Han var leiaren, men sa til dei han leidde: Brør, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er forbi, og strekkjer meg ut etter det som ligg framføre meg! (Fil 3,12-13)

Lat oss gløyma fortida med skam og nederlag, og jaga mot målet og strekkja oss mot det som ligg framføre oss i Guds plan: liv i Guds rettferd. Vi ber og lengtar etter at Gud skal visa si rettferd og forfriska og fornya oss etter sitt ord.

Tekst: Erling Thu (c)

Comments