Det mest fornuftige menneske kan gjera.
Dikt til mor på morsdagen

Eg er pressa, - gje meg liv etter ditt ord!

Dalet

Dalet er den fjerde bokstaven i det hebraiske alfabetet. Alle dei åtte neste versa tek til med denne bokstaven som svarer til d i vårt alfabet. Det verkar som David har det vanskeleg og er deprimert og trykt ned i opninga av dette avsnittet på åtte dalet vers.

ד

Salme 119,25 Eg ligg pressa mot støvet. Gjev meg liv slik du har sagt (1697)!

Det er ei ganske drastisk skildring David gjev oss i den første setninga: «Mi sjel ligg nedi støvet», «mi sjel er nedtrykt», «eg ligg pressa mot støvet»! Han har det ikkje godt. Livet er vanskeleg. Han kjenner seg pressa og trykt ned i støvet. Det er ikkje mykje ære og kongeleg vørdnad i denne stoda som han no er i.

Den realismen som vi møter i Salmane fascinerer meg. Livet er ikkje ein danse på roser for nokon av oss. Livet kan vera vanskeleg. Livet kan vera herleg og full av glede. Vi veit ikkje kva vi vil møta i dagane som ligg føre oss. Kanskje får vi stå på høgdene og nyta lukka. Eller kanskje vi blir trykte ned i søla og må streva for å overleva. Livet kan vera veldig godt, men også vondt og vanskeleg. Eg liker Salmane for dei taler sant om livet. Dei viser at alle menneskelege kjensler og opplevingar kan berast fram for Gud. Vi treng ikkje leggja band på oss. Vi treng ikkje å prøva å vera frommare enn vi er. Vi kan seia til Gud koss vi har det. Han bryr seg om alle dei små detaljane i livet vårt.

Denne første setninga kan også forståast på ein litt annan måte enn at stoda er vond og vanskeleg. Det kan faktisk vera at han har hatt det for godt, slik at han har vorte limt fast til det jordiske. Kanskje han har oppdaga at han sit fast i materialismen, at det jordiske støvet har trykt han ned og gjort sjela hans sløv? Kanskje har han hatt velstand og gode dagar så lenge at det har fått taket på han? Kanskje velstanden held på å kvela det åndelege livet? Kanskje han er fanga i rikdom, jordisk ære og karriere? Kanskje er det tidsklemma som pressar han ned i støvet?

Uansett korleis vi har det, er nøkkelen å be den bønna som David bad: «Gjev meg liv slik du har sagt!» Han ber om fornying og forfrisking. Han ber om nytt åndeleg liv. Han ber om at Gud må skapa endring i livet og den stoda han er i. Det er det same kva vi slit med og kva utfordringar vi strevar med i livet, vi treng ny livskraft frå Gud. Det er berre Gud som kan gje liv. Det er berre han som gjer livet rikt og meiningsfullt. Difor vender vi oss til han i bønn.

«Gje meg liv etter ditt ord, etter dine lovnader, slik du har sagt!» Det er alltid godt å kunna visa til Guds ord og lovnader når vi ber. Då kan vi be med frimodig tru og venta svar frå Gud. Når vi har fått eit ord frå Herren, anten det er eit ord frå Bibelen som har vorte levande for oss, eller det er ein profetisk lovnad som er talt over oss, då kan vi når som helst koma fram for Gud og minna han på ordet han har gjeve oss.

Gje meg liv etter ditt ord! Gjer med meg etter ditt ord! Lat det gå slik du har sagt! Det er nokre av dei tryggaste bønnene vi kan be. Då ber vi om at Guds plan og vilje med livet vårt skal fullførast. At Gud skal føra oss vidare frå der vi er, anten vi er vanæra og pressa ned i støvet eller er fanga i det materialistiske. Gud ønskjer alltid at vi skal få liv og fornying.

Herre, eg visnar bort. Eg er motlaus og ligg i støvet. Forny meg ved ditt ord, slik du lova at du ville!

Tekst: Erling Thu (c)

Comments