Lat heile livet vera festa og forankra i Guds ord.
Vis meg meininga med dine vegar

Du gjer mitt hjarte stort

Salme 119, 32 Eg vil springa den vegen dine bod viser, for du gjer mitt hjarte stort.

Med desse orda viser David oss sin store iver for Herren. Han er ivrig og brennande. Han er brennhuga, for å bruka eit godt nynorskord. Han har eit brennande ønske om å leva etter Guds bod. «Eg skundar meg til å lyda dine lover!» «Eg vil springa den vegen dine bod viser.»

Det er ein fantastisk innstilling David her gjer uttykk for. Måtte vi alle ha same velvillige hjarte- og sinnelag til Herrens bod.

Det er ein fantastisk grunn for denne bønna: «for du gjev mitt hjarte stort!» Somme forstår det slik at det handlar om få meir forståing i Guds ord: «for du hjelper meg til å forstå boda rett.» Om det er trongt i hjartet vårt og om vi er merka av trongsyn, vil vi ikkje skjøna boda på rett vis. Om vi er einsidige og smålege, vil forståinga av Ordet også bli slik. Då blir vi fanga av bokstaven som slår i hel og skaper fordømming. Då blir vi loviske og fordømmande. Då heng vi oss opp i alle slags detaljar og småting, og har ein tendens til å slå andre i hovudet med sterke meiningar.

Når vi spring på den vegen boda viser, har vi ikkje tid til å diskutera småting og bagatellar. For når vi er brennande ivrige for Gud, då gjer han hjartet vårt stort og gjævt. Då blir vi fylt av glede og mot. Då tenkjer vi store tankar om Gud og kva han kan og vil gjera. Då kan vi drøyma store draumar.

Kanskje det viktigaste med eit stort hjarte er evna til å sjå andre og gje rom for dei. Folk med store hjarte bryr seg om andre. Dei har omtanke og omsorg for andre. Eit stort hjarte syner stor kjærleik. Et stort hjarte ser «gullet» i andre menneske. Eit stort hjarte tenkjer stort om folk. Eit stort hjarte er fylt med Guds kjærleik, som kan elska slik Gud gjer.

Eit stort hjarte har plass til stor glede. Glede over å tilhøyra Herren. Glede over livet. Glede over små og store velsigningar. Glede over folk og venner.

«Du gjer mitt hjarte stort!» Du gjev meg storsinn. Du gjev meg raus. Du hjelper meg å sjå stort på livet og dei menneske eg møter. Eit stort og raust menneske har stor visdom og svært stor innsikt og ein forstand vidare enn sanden på havsens strand, slik Salomo hadde (1 Kongebok 4,29).

Comments