Eg er pressa, - gje meg liv etter ditt ord!
Snakk sant om livet, det gjer godt for sjela!

Dikt til mor på morsdagen

Det finnest berre ei Mor!

Det finnest myriadar av stjerner på himmelen

  • men det finnest berre ei Mor!

Det finnest uteljande mengder av blomar på marka

  • men det finnest berre ei Mor!

Det finnest tusentals diamantar og edelsteinar

  • men det finnest berre ei Mor!

Det finnest uendelege mange perler og smykke

  • men det finnest berre ei Mor!

Det finnest berre ei Mor! – berre ei Mor med stor M!

Namnet hennar er: Mi Mor!

Mi Mor lærte meg å elska

  • ved å teia og lida og tena, viste ho kva kjærleik er!

Mi Mor gav meg lysande verdiar

  • som eg trygt kan styra livet etter

Mi Mor lærte meg å verdsetja den sanne rikdom

  • det som er reint og rett, heilagt og godt, ærleg og sant

Mi Mor kasta glans over alle gjeremål

  • ho lærte meg å sjå det store i det små

Mi Mor vart gammal og skrøpeleg

  • men var krona med den kvitaste krans

Mi Mor vart krokryggja og skral til beins

  • men ho var skjønnare enn nokon gong

Mi Mor vart veik og heldt på å verta hjelpelaus

  • men augene var levande og smilet varmt

Mi Mor hadde rynker i ansiktet og skrukkute hud

  • men ho var eit kunstverk
  • ein stor kunstnar har teikna inn
  • sitt himmelske merke av herlegdom på henne

Det finnest berre ei Mor!

Takk at du bar meg fram!

Takk at du gav meg livet!

Takk at du passa på meg!

Takk for varme klede og kjærleg omsorg

Takk for gode ord og strenge formaningar

Takk for at du lærte meg å be!

Takk for at du var Mi Mor!

No er du heime hos Herren,

Men du er framleis den beste, - du er Mi Mor!

Comments