Spar oss for hykleri og falskneri
Makta lystar!

Det beste vi kan gjera når vi møter motgang og negativitet

Salme 119,23 Sjølv når stormenn sit og snakkar om meg, grundar din tenar på dine forskrifter (8451).

Det er ei fantastisk haldning David gjev uttrykk for i det han her seier. Han viser oss kva som har høgste prioritet hos han. Når stormenn sit og snakkar negativt om han, er det ikkje viktig for han å forsvara seg. Det som er viktig for han er å gje Ordet den rette plassen i tankane hans.

Det er ikkje ei lett stode David skildrar i dette verset, men det kjem ikkje tydeleg nok fram i denne 2011 omsetjinga som eg bruker. Her er nokre andre omsetjingar: «Sjølv om hovdingar sit og samrår seg mot meg» (NB). «Også fyrstar sit og talar imot meg»(BGO). «Fyrster har også sittet og talt sammen mot meg» (1930). Viktige leiarar sit altså saman og snakkar negativt om han. Det verkar også som om dei samrår seg mot han, og legg vonde planar mot han. Han møter med andre ord stor motgang og mykje negativitet. I førre verset var det snakk om spott og forakt, men no er det endå verre. Stormenn, hovdingar, mektige leiarar motarbeider han.

Når vi forstår denne vanskelege situasjonen som David var i, er reaksjonen hans oppsiktsvekkjande! Han ser seg sjølv som Guds tenar. Denne identiteten hans, eg er Guds tenar, hjelper han å ha rett fokus. Han treng ikkje vera oppteken av kva folk meiner om han, eller korleis dei motarbeider han. Reaksjonen hans er fantastisk: «Eg grundar på dine forskrifter!»

Det er faktisk det beste vi kan gjera når ting er vanskeleg. Når folk snakkar negativt om oss. Når folk motarbeider oss. Når folk legg vonde planar mot oss. Då er det tid til å ignorera desse folka og heller å venda oss til Guds ord for rettleiing i korleis vi skal reagera. Guds ord vil då visa oss at vi ikkje har kamp mot menneske, men mot vonde og mørke makter som manipulerer og bruker folk.

Asaf var ein av dei som møtte mange vanskar og strevde med vonde spørsmål. Dette fortel han om i Salme 73. Det dei gudlause sa og gjorde, gjekk inn på han. Han vart fortvila og motlaus og heldt på å gje opp. Heilt til han tok til å sjå ting frå eit evig perspektiv, frå Guds synsvinkel. Når vi grundar på Herrens forskrifter får vi ei positiv motgift mot det negative snakket som vi blir utsett for. Når vi grundar på Guds ord, prellar dei negative ord frå fienden av oss. Dei sårar oss ikkje lenger, dei mistar si kraft. Når vi grundar på Guds ord blir vi motstandsdyktige i den åndelege kampen mot det negative snakket.

The Passion Translation seier det slik: Sjølv om prinsane og leiarane mine kritiserer meg, vil eg fortsetta å tena deg og vandra i dine planar for livet mitt.

Tekst: Erling Thu (c)

Comments