Lengten etter Gud er ein lengt etter Guds ord
Spar oss for hykleri og falskneri

Å setja seg sjølv over Guds lov er toppen på overmot

Salme 119,21 Du refsar dei frekke og bannstøytte, som villar seg bort frå dine bod.

Tidlegare i denne salmen har vi sett at salmisten har ei audmjuk og lærevillig innstilling. Han lengtar etter Gud og ønskjer å få innsikt i hans bod, slik at han kan leva etter Guds vilje. Han er fylt av glad tillit til Guds ord. Han bøyer seg for Herrens dommar og vil følgja hans forskrifter. Han grundar på velsigningane i å lyda Herrens lov.

Det er dette som er samanhengen med det han seier i vers 21. No ser han på det motsette av å lengta etter Gud. Det er å vera stolt og uavhengig. Det er å gå sin eigen veg. Det er setja seg sjølv først og følgja sitt eige hovud, sine eigne tankar og lyster. Gjennom heile Bibelen blir ei slik innstilling fordømd. Bibelen seier at Gud står imot dei frekke og overmodige, men dei audmjuke får nåde.

Å setja seg sjølv over Guds lov er toppen på overmot. Folk som gjer det er ofte frekke i måten dei omtaler Gud og hans ord. Gud trugar med å bannstøyta stolte, overmodige og frekke folk. Dei har inga lys framtid i vente. Forbanning og ikkje velsigning ventar dei.

Overmotet deira gjer at dei villar seg bort frå Guds bod. Dei snakkar ned Guds ord. Dei taler med forakt om Bibelen, som ei gammal og avdanka bok. Dei bryr seg ikkje om Guds lover, for dei elskar å gå sine eigne vegar og følgja sitt eige forderva hjarte.

I sin store kjærleik refsar Gud dei. Han har ikkje gjeve dei opp. Han finn inga glede i at dei øydelegg seg sjølv. Gud ønskjer å berga og frelsa dei. Difor refsar han dei og trugar med å bannstøyta dei. Han ønskjer at dei skal venda om og finna frelse, slik apostelen Peter seier:

Det er ikkje rett, det somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå tapt, men at alle skal nå fram til omvending (2 Pet 3,9).

Tekst: Erling Thu

Comments