Guds Ord – vår rikaste skatt
Lukka i livet er å leva etter Guds ord

Velsigna er dei som lever etter Herrens lov.

Salme 119,1

Alef

Sæle er dei som er heile i si ferd, dei som følgjer Herrens lov.

Første verset startar med å prisa dei lukkelege som er heile i si ferd, dei som lever eit liv i integritet. Noko som berre kan gjerast når dei følgjer Herrens Lov. Sæle er dei, eller lukkelege er dei, eller kanskje endå betre: velsigna er dei som lever heile liv i lyset frå Guds ord. Velsigna er dei som lever etter Herrens lov.

Lukka i livet finn vi ikkje ved å følgja vårt eige hjarte, for det er svikefullt, seier Guds ord. Våre eigne tankar og lyster vil svært ofte føra oss ut i ulukke. Men kor lukkeleg er ikkje dei som let seg leia av Herrens lov. I ei tid der mange snakkar ned og undergrev tilliten til Bibelen, vil eg slå eit slag for bibeltruskap. Ved Guds nåde har eg levd eit langt liv og sett litt av kvart opp gjennom åra. Det finst ingenting som målast med den velsigning det er å leva etter Guds ord. Eg ønskjer den komande generasjonen i landet skal få oppleva dette velsigna livet.

Herrens Lov - Adonais Torah – er det første uttrykket vi møter i denne salmen for Guds Ord og det er svært viktig å forstå kva som ligg i dette uttrykket som vi finn mange gonger i Bibelen. Det er vanleg å omsetja det hebraiske ordet «torah» med lov, men i følgje «The Complete Jewish Study Bible» tyder dette ordet heilt enkelt instruksjon, rettleiing eller vegen vi bør gå. Herrens Torah har sitt opphav i Den Evige Gud som gav sine bod til israelittane. I Jesus Messias - det levande Ordet – vart Guds vilje synleggjort. Jesus døyper oss i Den Heilage Ande som leier alle oss som er læresveinane hans til sanninga og set oss i stand til å halda alle Guds instruksjonar. Jesus stadfesta Herrens Torah ved å seia: «Elskar de meg, så held de boda mine» (Joh 14,15). Herrens lov er knytt til ein kjærleiksrelasjon til Messias. Det handlar om å elska han og gjera det han seier i tru og tillit.

Comments