Lengten etter Gud er ein lengt etter Guds ord
31/01/2020
Salme 119,20 Eg fortærest dag og natt av lengt etter dine lover (4941).
Det er eit sterkt ord David bruker når han seier: «Eg fortærest dag og natt!» «Mi sjel er knust!» (NB). Han blir eten opp. Han blir fortært. Han blir knust. Han mistar kreftene. Han held på å forgå. Det er ikkje ytre motgang eller vanskar i livet som stel kreftene hans, det er hans eigen lengt.
David hadde denne djupe og inderlege lengten etter å læra å kjenna Gud betre. Lengten etter Gud var så sterk at det rett og slett vart ei påkjenning. Han var knust av lengt etter Gud. Han vart fortærd av dette brennande ønsket om å kjenna Guds lover. Det var ikkje kjennskapen til Gud som utmatta han, men det var den intense lengten etter Gud som fortærde han.
Å, om Guds folk i dag kunne ha den same iver etter å læra Gud å kjenna gjennom hans ord! Eg skulle ønskja at vi alle hadde denne lengten i oss etter å sjå meir av Guds venleik og godleik gjennom lovene hans. Vi må aldri slå oss til ro. Vi har berre så vidt smakt og sett at Gud er god. Det er så mykje meir å sjå. Guds herlegdom er så stor at vi treng heile æva til å utforska djupna i Gud.
Det er også verdt å merka seg at lengten etter Gud er ein lengt etter hans lover. Det er i Ordet vi finn Gud. Det er der han openberrar seg for dei audmjuke og lærevillige, dei som lengtar etter han.