Gøym Guds ord i hjartet
Lukka i livet er å følgja Guds ord

Lær meg den livsforvandlande krafta i dine forskrifter!

Salme 119,12 Velsigna er du, Herre! Lær meg dine forskrifter!

Velsigna er du, Herre! Salmisten er personleg når han seier, «du Herre», og han er full av beundring og tilbeding. Vedunderleg er du, Herre, som har gjeve oss ei slik god og herleg lov. Di lov vitnar om kor kjærleg og omsorgsfull du er. Di lov viser oss din herlege og heilage karakter. Di lov er god, heilag og åndeleg, difor tilber og lovpriser vi deg som har  gjeve oss dine livgjevande ord.

Velsigna er du, Herre! Dette er noko av det beste vi kan seia både om og til Gud. Når vi bruker dette uttrykket, seier vi at han er fullkomen, at han er verdt tilbeding og lovprising.

Gud er god og alt Gud gjer er godt! Han er heilag og rettferdig. Han er trufast og miskunnsam. Han er nådig og mild. Gud er kjærleik. Difor elskar vi han og tilber han av heile hjartet. Med ei slik hjartehaldning av tilbeding får vi eit rett innstilling til Guds ord.

Då blir det født ei bønn i hjartet: Lær meg dine forskrifter! Lat meg blir meir og meir kjend med di herlege lov og ditt gode ord. Denne tilnærminga er heilt nødvendig om Ordet skal bli til hjelp og velsigning for oss. Vi set oss ikkje over Bibelen. Vi møter ikkje det vi les i Bibelen med skepsis, vantru og kritikk. Vi er som barn som kjem til sin kjære far for å få rettleiing og opplæring i å meistra utfordringane i livet. Vi kjem som læresveinar for å læra av Meisteren. Vi kjem som ei forelska brur til brudgommen for å høyra kjærlege oppmuntringar.

Lær meg dine forskrifter! Dette er bønna til dei som elskar Gud. Når vi elskar Gud, elskar vi hans ord. Dess meir vi kjenner Gud, dess meir forstår vi kor mykje vi har å læra. Vandringa med Gud inneber livslang læring.

Vedunderlege Gud, du fortener lovprising framfor alle! Velsigna er du, Herre! Lær meg den livsforvandlande krafta i dine forskrifter!

Comments