Vi må stå opp for Guds ord ved å ha Ordet på leppene våre gjennom heile dagen.
Eg vil meditera på Guds ord og gå på hans vegar

Guds ord gjev oss stor glede

Salme 119,14 Dine lovbod (5715 - edut) viser meg veg, dei gjev like stor glede som all rikdom.

Det er ei vedunderleg innstilling vi møter i dette verset. Det er Guds lovbod eller vitnemål som står i fokus. Salmisten seier at Guds ord viser han korleis han skal leva og at han finn stor glede i å leva etter Ordet. Han bruker sterke ord: «Eg frydar meg, eg gler meg, eg finn den høgaste lukke i dine lovbod! Eg gler meg over å vandra etter dine vitnemål.» Han seier faktisk at han finn større glede i å følgja det Gud seier enn i all verdens rikdom.

Legg merke til at gleda finst i å vandra etter Guds lovbod. Gleda fyller oss når vi gjer det Gud seier. Herrens vitnemål viser oss den rette og gode vegen, men det er berre når vi går på denne vegen at vi får oppleva den djupe gleda det er i å vandra med Gud.

Guds lovbod viser oss korleis vi er meint å leva, korleis vi er skapt til å leva. Når vi tek til oss av Guds ord og lever i samsvar med det, vil vi oppleva ei kjensle av djup tilfredsstilling. Det er ei utruleg stor glede når vi kjenner i heile oss: å, det er dette eg er skapt for! Det er så meiningsfullt. Det er så godt. Det er så trygt og rikt at det er vanskeleg å finna ord som til fulle uttrykkjer den lukkelege tilstand vi er i når vi veit at vi gjer det Gud vil.

Det å kunna gleda seg i Herrens lovbod, er eit trygt teikn på at Guds ord har slått rot i hjartet og ber frukt i eit reinsa liv. David seier at dette er noko han har gjort i lang tid: Eg har gledd meg over å vandra etter dine vitnemål! Som konge hadde han stor rikdom og han hadde mange ting han kunne gleda seg over. Likevel seier han at har funne større glede i Herrens ord enn i alle dei rikdomane han hadde fått del. Han er veldig personleg når han fortel om denne djupe gleda han finn ved å leva i Ordet.

David var vel kjend med motgang. Han måtte kjempa mange kampar. Han kunne vera svært fortvila og djupt nede. Han måtta takla mange vanskelege utfordringar. Midt i det mørke og kaotiske hadde han likevel ei djup glede i Guds ord som bar han gjennom både gode og vonde kvardagar. Eg kan seia det same. Eg har vore ein kristen i meir enn 60 år. I alle desse åra har Guds ord vist meg veg og gjeve meg ei djup glede. I motgang og vanskar har Guds ord gjeve meg glede. Å, kor eg ønskjer at både unge og eldre skal få oppleva den gleda det er å leva i Guds ord!

Comments