Gje din tenar overflod, så eg kan leva og halda dine ord.
For Guds venner er Bibelen som eit kjærleiksbrev

Gje oss forstand til å forstå!

Salme 119,18 Lat opp auga mine så eg kan sjå det underfulle i di lov (Strong 8451)!

Denne bønna er kanskje løyndomen til alt det gode David skriv om Guds ord. Han ber om at Gud må opna hjarteauga hans, opna for ei åndeleg forståing og innsikt. Guds lov er full av underfulle ting, men det er ikkje alltid like lett for det menneskelege auget å få tak i det. Difor treng vi å be den bønna David ber i dette verset.

Kvar morgon når eg set meg ned for å lesa i Bibelen ber eg om nåde og hjelp frå Den Heilage Ande til å høyra Guds røyst gjennom det eg les. Eg ber om nåde til å sjå Guds lys, at Ordet skal bli lys for meg og visa meg vegen eg skal gå. Eg ber om openberring, om nåde til å sjå det underfulle i di lov.

I våre dagar blir vi bombadert av propaganda, meiningar, synsing og mykje info av tvilsam karakter. Om vi ikkje er vakne blir vi påverka av rasjonalismen og det materialistiske livssynet. Det sekulærhumanistiske verdsbilete pressar seg på oss og kan dominera tankane meir enn vi er medvetne om. Når vi då les Bibelen møter vi mykje som kan verka rart og underleg og ting som er vanskeleg å forstå for eit sinn som er mørklagd av sekulær og rasjonalistisk tankegang.

Herre, lat opp auga mine, så eg kan sjå det underfulle i di lov! Guds lov er god. Guds lov er underfull. Guds lov er heilag og rettferdig. Guds lov er åndeleg. Guds lov er gjennomsyra av Guds kjærleik. Guds lov vart til for menneska si skuld, for å hjelpa oss til å leva det gode og lukkelege livet vi var skapt til å leva. Det er ikkje alltid vi ser dette. Det er ikkje alltid at vi greier å fatta det. Difor treng vi å be om at Herren opnar hjarte og forstand, så vi kan sjå og forstå Guds gode plan.

Comments