Det tryggaste vi kan gjera er å forlysta oss i Ordet
Gje oss forstand til å forstå!

Gje din tenar overflod, så eg kan leva og halda dine ord.

Liv i overflod kan vi setja som overskrift over dei neste åtte versa som alle startar med bokstaven gimel. Dette livet får vi del i gjennom bønn og ved trufast å halda seg til Guds ord.

ג

Gimel

Salme 119,17 Gjer godt mot din tenar, eg vil leva og akta på dine ord (1697).

David startar dette avsnittet med ei inderleg bønn: Gjer godt mot din tenar. Han kjem ikkje med eit krav, for han har ingen grunn eller rett til å krevja noko som helst av Gud. Men han kan venda seg til Gud i audmjuk bønn. Det er noko vi alle kan gjera. Vi kan koma fram for Gud med våre hjartesukk og inderlege bønner.

Når vi ber er vi ærlege og viser vår avmakt. Vi vender oss til Gud fordi vi treng hjelp. Vi er faktisk heilt avhengige av at Gud gjer godt mot oss. Om ikkje Gud viser oss nåde er det ute med oss. Når vi ber om at Gud skal gjera godt mot oss, ber vi om at han skal vera vennleg mot oss. Ja, vi ber om å få leva i hans vennskap, - at hans vennskap og velsigning skal kvila over oss.

«Eg vil leva og akta på dine ord», seier David i denne omsetjinga. Det høyrdest ut som eit godt ønskje, ein god intensjon. I andre utgåver at dette verset er alle orda forma som ei bønn: «Gje din tenar overflod, så eg kan leva og halda dine ord.» Meininga er då at vi er avhengige av at Gud gjer oss overflod, at han er nådig, god og vennleg mot oss, for å kunna leva og halda hans ord.

Gud er livets opphav og kjelde. Alt godt kjem frå han. Livet kjem frå han. Det er han som held oss oppe og i live kvar einaste dag. Han gjev oss alt det vi treng for å leva. Det er overflod av nåde og velsigning som set oss i stand til å halda Guds ord. Å leva etter Guds ord er det gode livet. Å halda Guds ord er den største glede og velsigning eit menneske kan oppleva. For å kunna leva i dette er vi avhengige av at Gud gjer godt mot oss og tek oss inn i sin vennskap. I fellesskapet med Gud finst overflod av liv.

«Lat meg, din tenar, vandra i overflod av liv, så eg alltid kan leva for å lyda dine sanningar.»

Comments