Lidenskapleg lengt etter Gud
Lær meg den livsforvandlande krafta i dine forskrifter!

Gøym Guds ord i hjartet

Salme 119,11 Eg gøymer ditt ord i hjartet så eg ikkje skal synda mot deg.

Dette er også eit ord som har følgt med heilt frå ungdommen. Eg har opplevde det salmisten snakkar om. Difor har eg skrive inn denne sanninga framme i Bibelen: Denne boka vil halda deg borte frå synd, eller så vil synd halda deg borte frå denne boka. Det er ei djup sanning i dette.

Når vi gøymer Guds ord i hjartet, vil vi vera leia og motivert av Ordet til å gjera det som er rett og godt og å unngå det som er synd. Med Guds ord i hjartet vil vi vera medvetne om kva Gud ønskjer å gjera for oss og gjennom oss. Når Guds ord bur i hjartet, vil vi kjenna Guds vilje og kunne velja rett veg når vi blir stilt på val.

Å gøyma Guds ord i hjartet er å memorera Ordet, læra det utanåt. Det handlar også om å meditera og grunda på Guds ord. Dette er ein kraftfull kombinasjon: Memorera og meditera på Ordet. Det er noko eg har prøvd å gjera heile livet og det har vore til rik velsigning for meg. I min ungdom tok eg eit kurs i å memorera Guds ord frå Navigatørane. Eg er veldig takksam for det eg då lærte. Eg vil anbefala alle å ta dette kurset frå Navigatørane om bibelmemorering. Det er ei god investering.

Med uttrykket «ditt ord» bruker salmisten det niande hebraiske uttrykket for Guds ord: «imra». Det betyr ord, tale, utsegn og kjem av «amar» som er å snakka, tala, seia noko til seg sjølv (tenkja), byda, befala eller lova. «Imra» er brukt nitten gonger i Salme 119 og blir mest brukt i dei poetiske skriftene. Elles er det ikkje stor forskjell i tyding frå ordet «dabar», som vart brukt i førre vers, og kan brukast som synonym.

Når vi gøymer Guds ord i hjartet, handlar det om å høyra kva Gud seier og ta var på det i hjartet slik at vi lever etter det. Det handlar om å høyra og gjera det Gud seier. Det er ikkje nok å lesa Bibelen. Det er ikkje nok å læra bibelvers utanåt. Vi må høyra frå Gud gjennom det vi les og memorerer frå Bibelen.

Eg reknar Guds profetiske ord for min største skatt, og eg memorerer og skriv dei på mi hjartetavle, slik at eg ikkje med synd skal svika Han.

Comments