Gje oss forstand til å forstå!
Lengten etter Gud er ein lengt etter Guds ord

For Guds venner er Bibelen som eit kjærleiksbrev

Salme 119,19 Eg er ein framand på jorda, løyn ikkje boda (4687) dine for meg!

David startar dette verset med å setja ord på kven han her. Han er ein gjest på jorda. Han er ein pilegrim. Han har ikkje heimen sin her. Han høyrer til ein annan stad og er på heimreise. Slik er det oss også. Det er det same kor vi er, kva stilling vi har, eller kor godt vi lukkast i livet, vi vil alltid kjenna oss som framande på jorda. Vi har ikkje vår verande heim i denne tidsalderen, for vår evige og permanente bustad ligg i den komande tidsalderen. Når jorda er nyskapt og alt i himmel og på jord er samla til eitt under Jesu Kristi herredømme, då vil vi ikkje lenger vera framande.

Det er den sekulære kulturen og dei rådande filosofiane som gjer at kristne kjenner seg framande i verda. Det som er politisk korrekt i vår tid er ofte på kollisjonskurs med det som er rett, sant og godt for oss som held oss til Bibelen som Guds ord.

Det er denne kjensle av å ikkje høyra til, kjensle av å stå utanføre, kjensle av å vera ein framand på jorda, som gjer at vi roper til Gud: «Skjul ikkje boda dine for oss!» Vi blir pressa på alle kantar, men har vårt fotfeste i openberringa av Guds ord. Vi treng å leva i openberring. Vi treng nytt lys i Ordet kvar einaste dag. Vi treng den trygge kjensla av å vera leia av Guds bod. Vi treng ei stadig påminning om dei lovandene som er knytt til å leva i samsvar med Herrens lov. Vi må finna trøyst og glede i Guds ord.

Som framande på jorda treng vi ein open kommunikasjon med vår rette heim. Som pilegrimer og Guds venner treng vi å høyra dei levande orda som går ut frå Guds munn. Bibelen er Guds kjærleiks brev til oss. Vi ber om at vi alltid må høyra den herlege røysta til vår kjære brudgom gjennom det vi les.

Comments