Dei som elskar Gud, er nøye med å gjera det Han seier!
Ingen som lever etter Guds ord blir til skamme

Eit ærleg ønske om å leva i samsvar med Guds vilje

Salme 119,5 Lat meg ferdast med faste steg så eg held dine forskrifter!

Dette er bønna, lengten og hjartelaget til alle fromme kristne. Salmisten set ord på sitt inste ønske om å halda Guds lov. Det er det som er målet og meininga med livet, å leva etter Guds ord. Dette ønsket går som ein rød tråd gjennom heile denne salmen.

Bibelselskapet si 2011 omsetjing, som eg bruker, får ikkje fram kor inderleg dette ønsket er. Det kjem tydelegare fram i andre omsetjingar. Der startar verset slik: Å, måtte vegane mine bli faste! Å, - det ligg ein djup lengt i dette. Å, - det ber i seg eit inderleg og brennande ønske. Dette hjartesukket, å, er vendt til Gud og salmisten seier med det at han er heilt avhengig av Guds hjelp. Han har eit ærleg ønske om å leva i samsvar med Guds vilje. Difor ber han om at stega hans må bli faste, eller at vegane hans må bli støe, så han har ein livsstil i samsvar med Guds ord.

Så bruker han det femte uttrykker for Guds ord: dine forskrifter. Dette er ei omsetjing av det hebraiske ordet «hoq» som kjem av «haqaq» som tyder å inngravera eller å skriva. «Hoq» vart brukt om det som var hogga i stein, det som ikkje kunne endrast, men stod fast. Guds Ord, hans forskrifter, er hogga i stein. Ordet frå Gud står fast, det kan ikkje endrast av noko menneske. Guds forskrifter er dei plikter Gud har lagt på oss menneske. Det er dei lovane, skikkane og reglane han ventar vi skal halda og lyda.

Det hebraiske ordet, «hoq», blir omsett med fleire ulike: fastsett, bod, lov, skikk o.l. med alle dei nitten gongene det er brukt i Salme 119 blir det omsett med forskrift.

Salmisten ber om at Gud må gjera han stødig i å halda hans forskrifter. Dette uttrykket, å halda hans forskrifter, går igjen i heile Bibelen. Guds forskrifter er evige uttrykk for Guds vilje og viser oss korleis han ønskjer at paktfolket hans skal leva.

Å, måtte vegane mine bli faste, så eg held dine forskrifter!

Comments