Guds ord gjev oss stor glede
Det tryggaste vi kan gjera er å forlysta oss i Ordet

Eg vil meditera på Guds ord og gå på hans vegar

Salme 119,15 Eg vil grunda på dine påbod (6490), festa blikket på dine stigar (734).

På seier David kva han vil halda fram med å gjera. Han vil grunda på Herrens påbod og festa blikket på hans vegar. Det er ikkje noko han vil ta til med no, men noko han vil fortsetja å gjera. Han elskar Guds ord og tek det på alvor. Difor meditera på Herrens påbod for å kunna forstå dei og leva i samsvar med dei. Dette ordet, påbod, er eit sterkt befalande ord og er alltid i denne salmen brukt i fleirtal. David seier med andre ord at han vil grunda på alle Herrens påbod og tenkja grundig gjennom alt det Gud har sagt. Han vil festa blikket på Herrens vegar for å læra å gå på dei.

Å meditera og grunda på Guds ord.

Dersom du ønskjer å lukkast i livet, er det viktig at du tek deg tid til å meditera på Guds ord. Bibelen lovar at dei som grundar på Guds ord, vil lukkast i alt dei gjer. (Josva 1,8 Salme 1,1-3)

Då Israelsfolket var på veg mot det lova landet sendte Gud dei dagleg manna. Kvar morgon når dei vakna kunne dei gå ut og henta manna. Manna tyder rett og slett: kva er det? Folket kom med undring kvar morgon; kva er det idag? Kva vil Gud gje oss idag? Sjå i 2.Mos.16,1-5 & 11-16 og du vil finna dette skildra.

5.Mos.8,3 & 5 seier at Gud gav dei manna for å læra dei at dei trong Guds ord. På den måten har han vist for menneske til alle tider, at det er viktig å ta til seg næring frå Guds ord.

Å grunda på Guds ord er å tenkja etter kva ordet tyder. Det er å prøva å forstå kva Gud seier eg skal gjera. Det er å forstå Guds vilje. Det er skilnad på å granska og grunda, studera og meditera. Når vi granskar bruker vi vitet og sinnet vårt og når vi mediterer bruker vi hjarta. Å grunda på Guds ord er å tyggja drøv på Guds ord. (3.Mos.11,1) Å studera er å bruka intellektet, hjernen. Å meditera har med hjarta å gjera, det indre mennesket, ånda. Vi grunder på Guds ord for å få næring, verta oppbygd.

A. Rett haldning er nøkkelen til rett meditasjon.

  1. Hunger - svolt. Han mettar dei svoltne. Om vi ikkje lengtar etter Guds ord er noko gale. (1.Pet.2,1-2 Matt.5.6)
  2. Glede og lyst i Guds ord. (Salme 1,3 & 119,47.)
  3. Kjærleik til Guds ord. (Salme 119,48 & 97) Lyda Guds ord. Gje ordet makt. (Apg.19,20)

B. Meditasjonsprosessen:

  1. Forstå. (Salme 49,4-5) Jesu likning i Matt.13 - forsto ikkje - mista ordet. Dersom vi ikkje forstå ordet vi høyrer eller les, vil vi ikkje ha noka nytta av det. Difor er det viktig å ta seg tid til å grunda på ordet, så vi kan forstå kva Gud vil seia oss.
  2. Ta til seg næring. (Salme 1,3) Vi vert ikkje mette eller tilfredse utan å eta sjølv og ta til oss næring. Det er berre ved å grunda på Guds ord av vi vil kjenna oss metta i vår ånd.
  3. Å gjera Guds vilje - setja ordet ut i praksis er sjølve målet når vi grundar på Ordet. Å leva ut Guds ord i dagleglivet er vår største utfordring. Om vi er ulydige, kjem vi ikkje vidare i meditasjon.

2.Mos.16: fortel om korleis Gud gav folket manna og føresegner om korleis dei skulle henta manna kvar einaste dag. Ein kunne gå og sjå manna alle stader og kunne henta det ein trong sjølv. Det kunne ikkje gøymast, men måtte hentast og etast på same dagen. Alle kunne henta manna, for mannaen var over alt. Alle kan ha stort utbytt av å grunda på Guds ord og vi kan gjera denne samanlikning med henting av manna:

  1. Du må stansa opp. Du kan vassa i manna, men vera like svolten. Skal du kunna ta til deg god åndeleg næring frå Guds ord må du læra å venta og vera stille for Gud. Du må roa deg sjølv ned, så du kan høyra og forstå kva seier i Ordet.
  2. Sjølv om du står stille vert du ikkje mett. Du får ikkje tak i mannaen utan å bøya deg ned. Dei audmjuke, dei som lengtar, dei som har ei kjensle av trong, vil aldri gå tomhendte bort frå ein open Bibel.
  3. Når du har bøygd deg ned, er det berre ein ting å gjera, det er å ta opp frå marka - ta imot i tru.

C. Kva vi grundar på i Guds ord.

  1. Herrens ord.
  2. Herrens gjerningar.
  3. Herrens vegar.
  4. Herren sjølv - hans person.

D. Korleis vi uttrykker meditasjon.

Heidningemeditasjon er å tømma sinnet - tankane. Kristen meditasjon er å fylle sinn og tankar med Guds ord.

Å grunda på hebraisk kan også tyda å drøsa, småsnakka. Slik at orda på tunga samsvarar med det vi grundar på.

  1. Snakka, grunda med oss sjølv. Salme 4,5 & 77,7.
  2. Snakka, grunda med Herren i bønn og lovprisning.Salme 39,4-5 & 63,6-7.
  3. Snakka, grunda med familien. 5.Mos.6,6-7.
  4. Snakka, grunda med kristne. Kol.3,16.

E. Nokre av velsigningane av meditasjon.

Salme 1,3:

  1. Stadig næring, som eit tre planta ved ein bekk. Her er nytt liv, ny styrke, framhaldande næring.
  2. Frukt, det er kraft i Guds ord til å skape frukt i livet.
  3. Frisk helse - blada visnar ikkje. Den lukkelege grundar på Guds ord, har noko friskt over seg. Esek. 47,12.
  4. Lukke, framgang, alltid lykkast fordi vi kjenner Guds vilje og rører ved den Allmektige. Guds levande ord er mektig til å skapa alt det er sendt til å gjera. Josva 1,8 Kol.1,9-10. Jes.55,11

  5. Les gjennom, omatt og omatt.
  6. Tenk det ut - mediter.
  7. Skriv det ned, så du kan gå tilbake til det.
  8. Be det inn.
  9. Lev det ut - gjer etter det.
  10. Gje det vidare til andre.

Spørsmål som vil hjelpa deg når du mediterer:

- Kva tyder dette ordet?

- Korleis kan dette brukast til å endra min livførsel?

- Korleis skulle dette påverka livet mitt?

- Kva må eg gjera heilt konkret?

Comments