Previous month:
August 2019
Next month:
January 2020

3 entries from September 2019

Raus, romsleg og bibeltru!

Eg har eit hjartesukk: Gud miskunna deg over oss! Me vil gjerne vera bibeltru, men gløymer å vera nådige. Me vil gjerne forkynna Guds sanning reint og klårt, men orda har så lett for å bli harde og fordømmande. Herre Gud, hjelp oss å vera rause, romslege og trufaste mot sanninga, - i kjærleik! Lat oss få likna på Jesus som var full av nåde og sanning. Lat oss få læra av meistaren som både forkynte til omvending og var venn av tollarar og syndarar som flokka seg rundt han.

Continue reading "Raus, romsleg og bibeltru!" »


Aroniabæra er fulle av helse!

Aroniabuskane våre er i år fulle av bær. Dette er ei god utvikling som eg takka Gud for. Me plantar og her på Vestlandet er det Gud som både vatnar og gjev vekst. Buskane våre ber meir og meir bær år for år. Det gjev grunn til glede.

IMG_4804

Aroniabuskane kjem frå Nordaust Amerika og har vorte impotert til Europa. Det engelske namnet er Black Chokeberry og på norsk blir dei ofte kalla svartsurbær. Det latinske namnet er Aronia melanocarpa. Plantane har helst vore brukt som prydplantar i Noreg og resten av Europa, men i dei seinare åra har folk fått auga opp for nyttige og helsebringande bæra er. Indianarane i Nord Amerika (USA og Canada) brukte planten og bæra til medisin. I dei fleste byane i landet vil du finna aroniabuskar i parkar og langs vegar. Her er det berre å forsyna seg av den rike hausten!

Aroniabæra inneheld mykje fargestoff av typen antocyaniner og karotenoider (cyaidin-3-galaktosid og betakaroten) som verkar som antiopksidantar. Bæra er fulle av vitaminer, A,E, B2 og katalyserer opptak av vitamin C. Det finst meir vitamin P (bioflavonoidar) i aroniabæra enn i eple og appelsin. Aroniabæra inneheld også mange mineral og sporstoff som jern, molybden, bor, jod og kalsium. Bæra har mykje pektin i seg, slik at syltetøy og gele blir lett stivt.

Aroniabæra og det me lagar av dei inneheld tre gongar meir antioksidantar enn blåbær. Dei gjer difor godt på hjerne, hjarte, blodårer og urinvegar. Mellom annan styrkjer aroniabæra immunforsvaret, senkar kolestrolet og regulerer blodtrykket. Aroniabæra vernar oss mot dei såkalla frie radikalar som er årsak til mange ulike sjukdommar. Dei til og med brukast utvortes på sår og hudsjukdommar.

 Bæra kan etast råe, men smaken er sur og litt beisk. Solveig lagar saft, syltetøy og gele av aroniabæra. Før ho bruker dei legg ho dei i fryseboksen. Når dei frys blir dei litt søtare og mindre beiske. Ofte blandar ho dei med andre bær som me har mykje av i hagen. I fjor velsigna Gud oss med ein frukttørkar. Då tørka me mykje eple. Dei tørka epla er like gode no, eit år etter at me tørka dei! Denne frukttørkaren har me i år brukt til å tørka plommer, som blir svisker! Me har også tørka svartsurbær. Desse vil me bruka i frokostblandingar. 

Her er nokre nyttige lenker om aroniabær:

Syltetøy og gele

Gele og saft

Urtekildens planteleksikon

Sjekker prydbusk for helseeffekter

Aronia - sunn prydbusk

Sivs søte saft av svartsurbær - (Norges Bygdekvinnelag)

Aroniasaft


Gjestar skaper liv og glede

Denne helga har huset i skogen vore full av liv. Me har hatt besøk. Det har vore gjestar hjå oss. Solveig er jo den beste verten. Ho elskar å stella godt med folk. Huset var vaska og skinande reint frå kjellar til loft før gjestane banka på døra. Alle senger var oppreidde. Alt var klart. Dette var ei besøk som var planlagd frå før sommaren. me hadde invitert to unge familiar til å vera med oss i helga. I siste liten melde den eine familien avbod. Dei kunne dessverre ikkje koma. Talet på gjestar vart halvert, men ikkje gleda ved å ha barn og unge folk i huset.

Det er ei stor velsigning å ha gjestar på besøk. Me liker veldig godt når gjestar kjem på overraskande besøk. Dei får også veldig godt stell, for Solveig har alltid noko godt på lur. Den gode kona mi er jo av den gamle sorten som ikkje kan ha folk innom dørene utan å gje dei mat. 

Det er noko av gleda ved å få gjestar i huset, det å kunna gje dei noko, det å kunne velsigna dei på ein eller annan måte. Dei som kjem er alltid til velsigning. Det er ei velsigning i seg sjølv at folk vil koma på besøk. Det er ei glede at folk vil vera våre gjestar og bruka tid med oss. Det er alltid gildt å vera i lag med andre.

Denne helga har me hatt besøk av Emil og Ellinor, Kjartan og Lilly. Ein flott kristen familie. Dei er Guds tenarar i sitt daglege arbeid. Dei deler livet sitt med andre og hjelper unge menneske til tru. Dei utrustar og trener unge kristne til å vera leiarar. Dei er gode kristne kvardagsheltar.

Eg har fått gode råd til eit prosjekt eg held på med. Kjartan er ein god fagmann som kan sitt fag. Eg hadde mange spørsmål og fekk gode svar. Gjestane våre hadde også spørsmål og me fekk mange gode samtalar. Me var på rotur i den gamle Strandebarmaren min. Den gamle robåten er tung å hanskast med, men han flyt godt i vatnet. Lyden frå bølgjeskvulp og taktfast roing er medisin for sjela. Å ro i dei smale kanalane som bind tjønna saman og nyta synet av dei kvite vassliljene som lyser opp i det mørke vatnet er helsebot for både sjel og kropp.

Ei slik helg må me grilla. Særleg når Gud velsigna oss med godt vær og god varme. Eg er takksam for bålpanna på verandaen og for den gode grillhytta vår. No kan me alltid grilla same kva slag vær me har. Elden, flammane, lyset og varmen frå bålpanna skaper stemning. Saman får me nyta Guds fred og verlsigning. Barna leikar. Drøset går medan kjøt og pølser godgjer seg på grillen. For ei velsigning å kunna sitja rundt det store tømmerbordet på verandaen og nyta maten medan sola varmar oss, fuglane syng og ein mild bris friskar oss opp.

Å dela Guds ord med kvarandre og å be saman er alltid eit høgdepunkt når me har gjestar på besøk. Slik var det også denne gongen. Eg elskar samfunnet av dei heilage rundt eit måltid. Eg elskar samfunnet av dei heilage når vi arbeider og gjer ting saman. Eg elskar samfunnet av dei heilage når me lovsyng eller ber saman. Eg elskar samfunnet av dei heilage når me opnar Skrifta og deler innsikt og openberring med kvarandre. Eg elskar samfunnet av dei heilage i levd liv.