Terror og hat
Gode dagar saman med brør

Små og store gleder

Eg takkar Gud for livet kvar einaste dag. Kvar dag er ein nåde dag. Eg har kome i ein alder der eg har lært at eg ikkje kan ta noko som sjølvsagt lenger. Kvar dag takkar eg for livet. Kvar dag takkar eg for små og store gleder. Det er alltid nok å takka for. Me bur i eit av dei beste landa i verda. Me lever i ein velferdsstat med godt helsevesen og gode pensjonsordningar. Våre politikarar har forvalta oljerikdom på ein god måte. Ingen treng å lida naud i samfunnet vårt.

Fullsizeoutput_177a5

Her me bur i huset i skogen ser me Guds under i alt som blømer, veks og ber frukt. Me har alt hausta inn mykje ber. No er aroniabuskane snart klare til innhausting. I år er dei fulle av flotte svar ber som er fulle av sunne antioksidantar. Plommene har me alt teke til å hausta inn. Eplene står for tur. Grønnsakene nyt me til middagen. For ei glede å kunna nyta vår eiga avling. 

Fullsizeoutput_177b4

I dag har eg oppdaga at eg er i slekt med sjølvaste Arne Garborg. Min tipptippoldefar var bror til Arne Garborg sin bestefar! Det vil seia at min tipptipptippoldefar var Arne Garborg sin oldefar. Det er jo litt langt ute i slekta, men for ein nynorskmann er det stor stas å vera slekt i den store diktaren. Slektsforskning har vorte ein kjær hobby i det siste. Det er gildt å oppdaga kven forfedrane er og kor slakta kjem frå. Eg er så barnsleg at eg finn glede i slike små ting.

Å vera gift med ei kone som berre blir gildare og gildare, det er ei av dei store gledene i livet mitt. Me har snart vore gift i 55 år og det er mykje å takka for. Dei seks barna våre har gjeve oss store glede og dei ti barnebarna er stadig ei kjelde til glede. Gud har vore veldig god mot oss og velsigna oss på så mange måtar. 

Huskjerkå vår er i ferd med å verta ei skikkeleg bygdeforsamling. Det gler oss stort. Fellesskapet er varmt og inkluderande. Familiesamlingane og måltida saman med små og store kastar glans over kvardagen og reiser ein himmel over livet. 

Det finst kanskje ikkje større glede enn å vita at namnet vårt er skrive i livsens bok i himmelen. Å vita at me er fødde på ny til eit levande håp ber oss gjennom dei mange utfordringane i livet. Det er sant at livet ikkje er ein dans på roser. Me får alle vår del av vanskar, motgangar og utfordringar. Livet kan vera skjørt og skrøpeleg, men så lenge det er liv er det grunn til glede!

 

Comments