Skjebnetid –tidskifte
Frå menneske til menneske

Evangeliet er godt nytt for alle menneske

Jesus kom og forkynte evangeliet om Guds rike. Bodskapen hans var radikal og utfordrande. Han demonstrerte at Gud hadde gripe inn i historia for å setja menneske fri frå alle øydeleggjande krefter. Han døydde vår død og leid vår straff. Han vann over synda, døden og djevelen. Han stod opp frå dei døde og har fått all makt i himmel og på jord. Han er Herren som frelser og frigjer. Det er verkeleg godt nytt for alle menneske!

Evangeliet er godt nytt for alle barn, for dei er alle verdifulle og elska av Gud. Barnet i morsmage er omfatta av Guds kjærleik. Eit foster, som vart fylt av Den Heilage Ande, var den første til å helsa Jesus velkomen, då han var eit endå yngre foster. Evangeliet er godt nytt om menneskeverd for alle fødte og ufødte barn. Dei må ikkje drepast eller sjåast ned på. Dei er verdifulle og har fått sitt namn skrive i Livsens Bok før dei vart fødde.

Når evangeliet blir teke i mot skaper det endring. Å setja barn ut i skogen for å døy, vart forbode då evangeliet kom til folket vårt. Evangeliet gav barnet menneskeverd. Frå dei første kristne og heilt til dag har Jesu etterfølgjarar kjempa mot drap av barn i morsliv.

Evangeliet er godt nytt for alle kvinner, for i evangeliet blir dei stilt på lik linje med menn. Kvinner er skapt i Guds bilete og er like høgt elska av Gud, som menn er. Kvinner har same menneskeverd. Vi får alle del i den same frelse.

Kvinner har sjølvsagt rett til å råda over sin eigen kropp. Vi må hjelpa dei til fritt å kunna bruka denne retten, til mellom anna å unngå uønska graviditetar. Har dei først vorte gravide er evangeliet godt nytt at Gud vil berga dei gjennom graviditet og fødsel. Vi må hjelpa dei til å forstå, at heilt frå starten av er fosteret eit sjølvstendig individ og ikkej ein del av kvinna sin kropp, jamvel om det lever inni hennar kropp og heilt avhengig av henne for å overleva. Barnet i mors liv har rett til liv!

Evangeliet om Guds rike er godt nytt for alle menneske, for i Guds rike blir murar og skilje mellom menneske rivne ned. Ved sin forsonande død gjorde Jesus ende på fiendskapen mellom jødar og heidningar. Hudfarge, kjønn, alder, status i samfunnet og liknande særmerke har ingenting å seia lenger. Vi er alle eitt i Kristus.

Alle menneske er skapte i Guds bilete og er høgt elska av Gud. Alle menneske har også synda, kjem til kort og manglar Guds herlegdom. Men alle menneske kan få tilgjeving og bli rettferdige for Gud ved trua på Jesus Kristus. Det er godt nytt!

Menneskeverdet er heilt sentralt i evangeliet: Så høgt elska Gud alle menneske at han gav oss sin einborne Son, slik at dei som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Kvart einaste menneske er så verdifullt at Guds Son var villig til å gje livet sitt for den enkelte. Evangeliet er godt nytt om menneskeverd for alle menneske. Når vi forkynner evangeliet må vi også kjempa for og lyfta opp menneskeverdet for den enkelte frå unnfanging til død. Evangeliet fremjar livet og det beste for alle menneske.

Tekst: Erling Thu



Comments