Previous month:
September 2018
Next month:
February 2019

1 entry from January 2019

Skjebnetid –tidskifte

Me lever i ei underleg tid. Mange motstridande ting skjer samstundes. Lys og mørke kjempar om overtaket. Negative og positive krefter er synlege. Samfunnsutviklinga ser ut til å gå feil veg, trass medisinske, teknologiske og digitale framsteg.

Me lever i ei skjebnetid. Den globale oppvarminga har kome til eit kritisk punkt. Me ventar på avgjerande politiske vedtak på fleire område. Me lever i ei tid som vil få avgjerande innverknad på livet og utviklinga. Eit politisk parti har hatt sitt velkjende skjebnelandsmøte og me kan kanskje få ei endring av abortlova.

Me lever i ei åndeleg skjebnetid. Kristendommen har tilsynelatande vore på tilbakegang i landet vårt og i vår del av verda. I andre delar av verda veks talet på kristne sterkt. Tyngdepunktet for kristendommen er flytta frå nord til sør, frå vest til aust. I den tredje verda er den kristne trua i stor framgang og det er stor oppvakning mange stader. Står me føre ein ny åndeleg oppvakning i landet vårt?

Oppvakninga har alt starta. Det er ei bønnevekking på gang i landet vårt. Det kjem inn meldingar frå nord og sør, frå aust og vest, at noko er på gang. Det er ein ny lengt til å be og bruka tid med Gud. Ektepar tek til å be saman. Familiar ber meir enn før. Ungdom ber. Studentar ber. Vaksne ber. Gamle menneske ber med ny tru og glød. Dei merker at Gud er på ferde i landet. Dei kjenner kallet til å vera med å be fram ei ny vekking som vil føra til frelse for folket vårt.

Folk ser syn og visjonar frå Gud. Veldig mange forkynnarar, som kjem til Noreg frå andre land, fortel om ei sterk kjensle av at Gud har starta eit nytt verk, at landet vårt er ope for Anden og at gjennombrotet er på gang. Mange ber fram profetord om det dei ser Gud er i ferd med å gjera. Me lever i ei lagnadstid. Me har snart nått raspunktet. Me har fått mange varslar om Mannen som er i rørsle i Romsdalen. Det har kome fleire og fleire steinsprang og små ras. Det store raset kan koma når som helst.

Gud har sagt at i dei siste dagar skal han renna ut Den Heilage Ande over alle menneske. Det vil føra til at folk kallar på Herrens namn og blir frelste. Folk blir i aukande grad frelst i landet vårt. Eg ser det i forsamlinga eg høyrer til. Eg ser at folk kjem til tru i mange ulike forsamlingar. Eg ser at fleire unge enn på svært mange år tek i mot Jesus Kristus og blir forandra. Eg ser føre meg eit ras av store flokkar av unge menneske koma til tru. Den Heilage Ande dreg og kallar på menneske. Hans heilage nærvær vil merkast meir og meir.

Når Gud kallar folket sitt til å audmjuka seg og be, og dei kjem saman for å be, då skjønar me at noko stort er på gang. Det er ikkje langt borte. Ei åndeleg oppvakning har starta. Me lever i ei skjebnetid som vil få stor innverknad på framtida for landet vårt. Lat oss audmjuka oss og verkeleg ropa til Gud om nåde for landet og folket vårt!

Tekst: Erling Thu