Liv og lære
Sjølvråderett over eigen kropp

Ny abortkamp?

To unge menn prøver å utvida retten til å ta abort. Leiar i AUF, Mani Hussaini, og leiar i Unge Venstre, Sondre Hansmark, ønskjer å utvida retten til abort i respektive veke 18 og 24. Begge trur at dei kan få både ungdomsorganisasjonen og moderpartiet med seg i forslaga sine. Dette er veldig ekstremt. Argumentasjonen deira er skremmande. Etisk refleksjon på vegne av barnet er fråverande. Kunnskapsnivået på grunngjevinga er urovekkjande lågt.

Den noverande abortlova gjev ei kvinne rett til å ta livet av sitt eige barn i dei 12 første vekene av svangerskapet. Det er 40 år sidan denne ulova vart vedteken. Det triste er at lova vart vedteken med ein stemmes overvekt på grunn av kristensosialisten Ottar Haugli.

No vil desse unge mennene endra lova radikalt. Det er veldig trist. Hussaini viser til andre land som har lengre abortgrense enn Noreg. Kva argument er det? Me er eit sjølvstendig land og må ta våre eigne etiske vurderingar. Hansmark meiner at barnet i mors mage ikkje kjenner smerte før etter veke 24. Her tek han feil. Han er kunnskapslaus. Nyare forsking viser at desse små barna i mors mage kjenner smerte tidlegare enn dette. No kan til og med barn overleva når dei berre er 22 til 23 veker gamle.

Før den noverande lova vart vedteken, vart det sagt at fosteret før veke 12 berre var ein celleklump. No veit vi alle at det ikkje er sant. Nyare forsking og kunnskap om korleis barnet veks i mors mage, gjer abort meir uetisk og umoralsk enn nokon gong. Barnet i magen er eit menneske. Det burde sjølvsagt ha rett til liv. Dessverre er det ikkje slik. Barnet i magen har lite rettsvern. Skal me ha ein ny abortlov, må han strammast inn.

Gong på gong har politikarane vedteke lover som strir mot Guds lov. Landet burde byggjast med gode lover og ikkje øydast av ulover. I denne stoda kan me ikkje setja vår lit til politiske parti. Det er berre det litle Kristeleg Folkeparti som vil verna om barnet i mors mage.

Difor er det tid til å ropa til Gud om nåde for landet vårt. Me må be for politikarane våre at dei vaknar opp og stansar ei forferdeleg utgliding som no er driven fram av unge menn. Me må be om at Gud miskunnar seg over landet vårt.

Det er tid for å lyfta fram menneskeverdet på nytt. Det er tid for å kjempa for dei mest hjelpelause av alle: barna i mors mage.

Comments