Previous month:
June 2018
Next month:
August 2018

2 entries from July 2018

Kva er tidebønn?

Tidebønn har sitt opphav hjå dei fromme jødane og vart vidareført av dei første kristne. Den enklaste forklaringa på tidebønn er at det er bønn til faste tider. Ein annan viktig del er at vi gjer om Jesus og dei første kristne og bed bønnene frå Salmane. Eg har oppdaga at Salmane er ei inspirerande bønnebok. Det siste året har Solveig og eg bede oss gjennom Salmane fleire gonger. Bjørn Olav Hansen leidde oss gjennom tidebønn kvar kveld på Lys og Salt i fjor. Det var ei god oppleving for alle som som tok del i desse tidebønnene.

For Solveig og meg førte det til at me utvida våre felles bønnestunder. Me laga ei fast ramme med ulike bønner frå Bibelen, frie bønner og å be Salmane. Kvar morgon og kveld har me ei slik felles bønnestund som me kallar tidebønn. Me følgjer det mønsteret vi lærte av Bjørn Olav Hansen. 

På Lys og Salt i sommar, frå 17. til 22. juli på Hedmarstoppen skal vi leia tidebønn ein liten halvtime kvar morgon frå kl 07.30. Tony Jessen har funne fram nokre gode songar som me syng inn i mellom bønnene. Morgonbønna på Lys og Salt vil vara fram til 09.00. Me gler oss til å stiga fram for Gud saman med Guds folk og saman be og lovprisa med bønner frå Bibelen.


Arbeidsglede

Huset i Skogen har gjort meg til ein skogsarbeidar. Her er det mykje å hengja fingrane i. Det vanlege vedarbeidet krev jo sitt. Saging, hogging, kløyving og stabling går i eitt kvar einaste vår. I år har eg vore litt på etterskot, men no er eg i ferd med å koma i rute.

Elektrisitetsverket saga ned nokre uhorveleg svære tre i vinter. Då fekk eg den tanken at eg skulle laga byggjemateriale av desse svære tømmerstokkane som vart delt opp i lengder på fire meter. Eg kjøpte meg ei ny og kraftigare motorsag med eit sverd på 90 cm for å kunna gjera stokkane om til plank. Stokkane hadde ein diameter på om lag 70 cm. No er eg godt i gang med dette arbeidet. Det er skikkeleg tungt arbeid, rett og slett eit slit, men eg finn likevel stor glede i arbeidet.

Eg takkar Gud som har gjeve meg både styrke til å arbeida og glede i arbeidet. Eg lærte tidleg å arbeida av min gode far. Han var ein skikkeleg arbeidskar. Han var tredreiar og jobba på ein møbelfabrikk. Han bygde også sin eigen verkstad heime og her dreidde han skåler og fat. Han laga krokketkøller og kuler. Me fekk tidleg opplæring i å ta del i arbeidet på mange måtar. 

For nesten 40 år sidan gav far meg ei stor rosemalt skål som han hadde laga. Rundt utsida av skåla stod denne teksten: Det er med arbeid me fram ska vinna, i arbeid ska me vår æra finna. Det er med arbeid me fram oss slær, og både vørnad og vinning fær. For eit minne og rik arv å ta med seg!

Arbeidsglede er ei velsigna gåve frå Gud. Eg liker å arbeida. Eg liker å skapa noko. Eg kan gleda meg over det som er ferdig, men eg finn større glede i sjølve arbeidet. Eg finn glede i å skriva og eg gleder meg når det har vorte ei bok. Det er ei stor glede å halda den nye boka i hendene, men den gleda varer aldri lenge. For eg oppdagar fort feil. Eg ser at ting kunne vore skrive betre og annleis. I staden for å ergra meg finn eg eit nytt prosjekt å arbeida med og gleda meg over.

Når eg arbeider med stein og jord og tre her på det vesle bruket vårt, kan eg verta forferdeleg trøytt. Av og til er eg heilt gåen. Eg er ikkje så sterk som eg skulle ynskt eg var. Midt i denne trøyttleiken kjenner eg ei djup glede. Tenk at eg kan arbeida, til og med i min alder! Ingenting er som å arbeida med stein og jord og tre. Då får eg brynt kreftene mine. Då kan eg forma og skapa noko handfast. Då kan eg gleda meg over Guds skaparverk. 

Gud har verkeleg vore god mot meg!